– For tidleg å seie noko om tomta

Ervik Marine Services har blitt eigar av ei stor industritomt på Mjølstaneset, men dagleg leiar John Ervik kan førebels ikkje seie noko om kva planar dei har for tomta.

Mjølstaneset: På denne tomta skulle Stig Remøy etablere ein stor kril-fabrikk. No er tomta overteken av Ervik Marine Services i Ålesund. 

Nyhende

– Vi har knapt fått papira, så det er litt for tidleg å svare på kva som vil skje vidare, seier Ervik.

Ifylgje eigedomsregisteret har Ålesund-selskapet overteke tomta frå MJ Eigedom (tidlegare Olympic Holding). Tomteverdien lyder på 7,7 mill. kroner, og overdraginga heng saman med konkursen i eigedomsselskapet i 2016. Der var Ervik ein av fleire partar som tok pant i tomta for å sikre verdiane dei meinte dei hadde i krilfiskereiarlaget Emerald Fisheries.

Etter dei opphavlege planane skulle Stig Remøy nytte tomta til å bygge ein stor kril-fabrikk.