SSR summerer opp strandryddeåret 2018:

So mykje har frivillige rydda på Ytre Søre, og her er det dei fann

Søre Sunnmøre reinhaldsverk kan no presentere mengda innlevert strandryddeavfall i kommunane Herøy, Sande, Hareid og Ulstein i 2018. Dei kan gledleg rapportere om auka ryddeaktivitet i året som var.
Nyhende

Rundt 1000 sekkar med avfall frå strandkanten blei levert til SSR i 2018. Kommunikasjonsansvarleg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR), Andrea Øien Sæverud, har gått gjennom dei innleverte skjemaa frå alle dei frivillige ryddarane. Fleire gongar har ho lurt på om ho har sett rett i notata til dei som har vore på ryddetokt.

- Eg er veldig nyfiken på historiene som ligg bak alt det rare folk finn når dei går langs strendene våre og ryddar. Kva er det som får folk til å legge igjen eit vaffeljern i sjøkanten? Eller å kaste ei dundyne til havs? undrar ho.

Meir enn året før

I alt 40 tonn av marint avfall har blitt levert til SSR på Ytre Søre Sunnmøre i 2018, og alt er plukka av frivillige hender. Til samanlikning samla folk i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid i fjor inn 10 tonn meir i strandryddesekkane enn året før.

Applaus til eldsjelene

Fleire av dei som tek eit tak og ryddar opp alt frå snusboksar til avfall frå oppdrettsindustrien, er eldsjeler som har strandrydding som hobby. Det monnar også godt når bedrifter, lag og organisasjonar går saman om å rydde eit bestemt område.

- Eg har lyst til å takke alle som brukar tid og krefter på å rydde opp marint avfall. Dei gjer ein enorm innsats både for livet i havet og for at vi skal kunne bruke naturen utan å måtte trakke i avfall som andre tankelaust har slengt frå seg. Dette er eldsjeler som ikkje let seg stoppe av det som kan verke som eit hav av plast. Dette er folk som tek ansvar i praksis. Eg håpar det kan vere til inspirasjon for mange fleire, seier Sæverud i ei pressemelding.

Seminar på Runde

Helga 12.-13. januar inviterer Runde miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd til eit seminar om strandrydding på Runde. Då er alle dei som har gjort ein frivillig innsats og rydda strender i området velkomne til å dele av erfaringane sine.

- Mørekysten toppar ei heller tvilsam liste. Det er det mest forsøpla havområdet langs heile norskekysten, mykje på grunn av havstraumane. Når ein no får samla alle aktørane, både dei frivillige som er ute og ryddar, Miljødirektoratet, Hold Norge Rent og renovasjonsselskapa, håpar eg vi kan kome fram til endå betre løysingar på korleis vi kan jobbe saman for eit reinare hav og strandlinjer, seier Andrea Øien Sæverud ved SSR, og legg til:

- Vi lever både av og med havet her ute. Då bør vi ta godt vare på det, heller enn å øydeleggje livsgrunnlaget vårt ved forsøpling.

Seminaret har framleis ledige plassar for frivillige strandryddar som ønskjer å bli inspirerte og lære meir om mellom anna havstraumar, plast og flytande miljøstasjonar. 

Gratis å levere inn

Når folk brukar gjennomsiktige strandryddesekkar av den sorten som dei kan få utdelt på miljøstasjonane til SSR, er det gratis å levere inn avfallet. Samtidig må ein fylle ut eit skjema frå Hold Norge Rent, slik at ein får ført funna frå strandryddinga inn i statistikkane.

- Det er desse innleverte skjemaa pluss innveginga av vekta på miljøstasjonane som gjer at vi no har god oversikt over kva som kom inn av marint avfall i fjor, forklarer Sæverud.

Ymse strandryddefunn på Ytre Søre i 2018:

Nokre av funna gjort i strandkanten inkluderer til dømes følgjande: vaffeljern, hjelm, boxershorts, politileikebil, badeand, taustumpar, Q-tips, plastflasker, ølboksar, bildekk, isopor, avløpsrøyr, bilmotor, brannsløkkingsapparat, fiskesnøre, take-away-emballasje, stol, vask, lampe, barnesykkel, presenning, babysko, vasski, tromme, dundyne, steikepanne, snusboksar og heliumballongar.