Inviterer til internasjonal julefest

Laurdag går den tradisjonelle – eller kanskje vi skal seie utradisjonelle – internasjonale julefesten av stabelen i Herøy kyrkje.

Julefestkommiteen: Ingvill Beate Bjørneset (Frivilligsentralen), leiar Karl Anders Brendmo (Herøy kyrkje), Britt Paulsen (Frivilligsentralen) og Helena Leinebø. Programleiar for festen, Jens Terje Johnsen og komitemedlemane Kadir Dikbas, Yacob Teklemariam og May-Iren Muren (Frikyrkja) var ikkje til stades då bildet vart teke. 

Den internasjonale julefesten er ei fin anledning til å bli kjend med dei som kjem frå andre land

Nyhende

Ja, for sjølv om festen er blitt arrangert – med ulike namn – heilt sidan 80-talet, står der alltid noko nytt på programmet. Ofte er der også nye ansikt, ettersom vi stadig får nye landsborgarar. Men festen er for alle, også etniske nordmenn.

– Sjølv om vi opphavleg er frå forskjellige land, er vi saman. Den internasjonale julefesten er ei fin anledning til å bli kjend med dei som kjem frå andre land, seier leiar for julefestkommiteen, Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje.

Musikalsk underhaldning

På årets program, som vert leia av Jens Terje Johnsen, får vi servert alt frå internasjonale dansar til musikk ved Nasko og sonen Alexander og korinnslag av Herøy mannskor. Dessutan skal Frikyrkja sin nye ungdomsarbeidar, Daniel Oviedo, spele gitar.

– I tillegg skal Jens Terje ha ein liten samtale med Kjetil Haanes, seier Brendmo.

Noko er fast

Nokre punkt på programmet er likevel blitt tradisjon, slik som opninga:

– Det vert lysposisjon med barn frå forskjellige land. Dottera mi, Mina, skal syngje «Vi-songen», som byrjar med strofa «Vi er barn frå forskjellige land», og den andre dottera mi, Hannah, skal syngje «Tenn lys». Den songen har vore med så lenge eg har vore med, seier Brendmo.

Og det vert ikkje julefest i kyrkja utan opplesing av juleevangeliet.

– Ei frå soknerådet skal først lese heile juleevangeliet på norsk, før 11 utanlandske personar kjem fram og les Lukas 2.14 på sine morsmål, forklarer Brendmo.

Til slutt i programmet kjem ei overrasking til barna.

Spleisefest

Tradisjonen tru vert det sett opp koldtbor på heile kyrkjetorget.

– Det er ein liten spleisefest, og vi håper alle kan ta med seg litt mat, så ein får prøve forskjellige smakar og kanskje bli kjend med matrettar frå andre land, seier Brendmo.

Det vert også laga litt mat i kyrkja, og Kadir Dikbas stiller med suppe.

Juletregang i kyrkja

Når alle er gode og mette, vert det juletregang i kyrkjerommet medan Jannicke Svoren Dikbas spelar piano.