Teigenes fyrst på silda av herøybåtane:

- Viktig at ikkje alle gjer likt

– Som eit nystarta reiarlag er det viktig for oss å kome i gang med ting. Difor tek vi oss ein tur på silda alt no.

-Det er heilt klart prisane vi er mest opptekne av

Ringnotreiar Knut Teige
Nyhende

Det seier Knut Teige på starten av det fyrste fiskeriåret etter delinga av Teigenes-reiarlaget. Teigenes har 3000 tonn med sild som skal fiskast i 2019, og ifylgje Teige sjølv blir det spennande å sjå kva utslag auken i årets sildekvote vil gi på prisane.