– Eg er veldig glad i sko.

Og med det har Nerland gitt oss heile forklaringa på kvifor ho vil livnære seg av nettopp det.

– Eg kan aldri gå forbi ein skobutikk. Det har hendt at eg har gøymt unna nye sko i skapet, for det er ikkje så populært heime at eg kjem heim med nye heile tida.

Vi treff ho i eit av dei tomme lokala i Fosnavåg Brygge. Eit par arbeidskarar er i sving i det mørklagde rommet. Der er mykje som skal gjerast før Nerland kan fylle det med varer.

– Eg håpar å opne i løpet av mars. Kanskje før. Det kjem an på når alt vert klart, seier Nerland, som dei siste fire åra har jobba som butikksjef ved YX Fosnavåg.

Inga skokjede

I utgangspunktet ønskte Nerland å samarbeide med ei etablert skokjede.

– Men ingen av dei vil til Fosnavåg, så eg får ikkje den tryggleiken, seier ho.

Den positive sida ved det er at ho sjølv kan avgjere alt som skal i butikken.

– Sidan her ikkje er skobutikk frå før, må det bli noko for alle aldersgrupper og for alle lommebøker, seier ho.

– Skummelt

Nerland gler seg sjølvsagt til å realisere den mangeårige draumen, men det er ei kjensle av skrekkblanda fryd.

– Det er skummelt også. Nokre dagar tenkjer eg at alt går bra, og andre dagar lurer eg på kva eg har gitt meg ut på. Eg har fått nokre negative tilbakemeldingar frå folk som seier at det ikkje kjem til å gå bra, seier Nerland.

Heldigvis er dei aller fleste kommentarane positive. Og det har blitt ein del av dei, sjølv om nyheita knapt er ute.

– Folk snakkar mykje her ute. Før eg visste ordet av det, spurde nokon på jobben meg om eg skulle starte skobutikk. Då var eg ærleg og sa det som det var, smiler Nerland.

Fokus på service

Kva den nye skobutikken skal heite er enno ikkje bestemt. Kva ho vil med den, er Nerland elles heilt klar på:

– Å treffe blink. Då er service alfa omega.

– Kva er viktigast å tenkje på når ein kjøper nye sko?

– At den sit godt på foten, smiler Thea Nerland.