Leiar:

"Nytt år, nye moglegheiter"

Vi skriv snart 2019. Ved årsskiftet er det naturleg å reflektere over stoda i dag og korleis utviklinga kan bli framover.

  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Næringslivet i vårt distrikt er i større og mindre grad oljesmurt. 2018 har ikkje representert nokon umiddelbar oppgang for offshorenæringa. Det er heller ikkje venta at bransjen skal tilbake til gamle høgder. Men vi ser enkelte lysglimt, både rate- og oppdragsmessig. Lokalt kan ein med glede registrere den gradvise, fine gjenoppbygginga av Rem Offshore. Havila Kystruten si oppbygging er også eit lokalt, stort pluss.

Landbasert næringsliv går i store trekk bra. Mykje takka vere fiskerinæringane, medrekna akvakultur. Enkelte butikkar og forretningar slit. Auka netthandel og det faktum at kundane gjerne trekkjer til dei store sentera, er eit par nemneverdige utfordringar.

Innan offentleg tenesteyting bles vinden kraftig i retning av meir interkommunalt samarbeid. Det finst snart ikkje noko tenestefelt der kommunane ikkje samarbeider om leiing og tenester.

Med ein sterk auke i samarbeid om tenestene vil det tvinge seg fram nye forslag om kommunesamanslåingar. Lokalt vert då spørsmålet: Kor breitt kan ein femne? Blir det alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre som går saman, eller vert det dei fem kommunane på Ytre Søre? Eller, kan ein tenkje seg at Herøy, Sande og Vanylven blir ei felles eining etter kvart?

Uansett vil det for oss vere minst like viktig som før å kjempe mot sentraliseringskreftene. Det er avgjerande å vere attraktive overfor ungdomen og potensielle tilflyttarar, samt at vi med dette som bakteppe heile tida er på alerten, både politisk og i andre samanhengar. Godt nyttår!