Segn og Soge:

Historia om Gamlebanken (100 år i 2018)

Bygget «Gamlebanken» på Larsnes var 100 år i år. Dette bygget vart oppført og stod ferdig ut på året 1918.
Nyhende

Sande og Rovde Sparebank vart oppretta i året 1898 med kontorstad på Larsnes. Grunnkapitalen til banken på kr 2.400,- vart sikra m.a. ved sal av aksjebrev til bygdefolket til pålydande kr 5,- pr. aksje. Eg har faktisk liggande to originale aksjebrev som bestefaren kjøpte ved det høvet.

Kontoret på Larsnes var første åra i eit rom i bustadhuset til Rasmus Nygard i Honndalen. I 1905 fekk banken plass i det nybygde kommunehuset «Tinghaug», som stod der nordvestenden av Sandetun er i dag. Der var m.a. eit skikkeleg kvelv med ei solid jerndør på frontveggen. Eg kan enno sjå føre meg denne jerndøra når vi ein hende gong var på doktorbesøk på 1940- og 50-talet. Som gutfante spekulerte eg mykje på kva som kunne vere bak jerndøra. Bygget «Tinghaug» vart rive like før 1980, i samband med klargjering av byggetomta for Sandetun.

I 1915 fekk banken kjøpe tomt av Rønnebergfamilien for kr 400,- med tanke på oppføring av eige bygg. Sogelaget har fått tak i kopi av skøytet. Det er eit høgtideleg dokument med den tids språk, men med nokre innslag av nynorsklydande ord. Kven som har ført det i pennen er ukjent. Det kan kanskje ha vore ein av styremedlemene i banken. Advokat var det neppe. Parsellen fekk namnet «Banktuft», eit godt nynorskord.

Bankbygget

I året 1916 var nybygget ferdig til ein samla kostnad på kr 20.000,-. Sivert Storegjerde var byggmeister. I bygget var det to kontorrom for banken og eit solid bankkvelv i betong i kjellaren. Utover det var det ein stor møtesal i 1. etasje, som bygdefolket og andre kunne nytte vederlagsfritt, og eit romsleg familiehusvære i 2. etasje. Det var eit staseleg bygg på landsbygda etter si tid.

Brannen

Men alt 19. mai året etter brende bygget ned til grunnen. Eg har blitt fortalt at det var ei tenestejente for familien som budde i øvste etasjen i bygget, som hadde vore noko uforsiktig med oskebytta etter reinhald av ein omn eller peis i husværet. I oska var det glør som starta brannen. Så langt eg veit kom heldigvis ingen til skade. Korleis det gjekk med banken sine papir veit eg ikkje konkret, men dei vart nok oppbevarte i bankkvelvet i kjellaren og det tolte vel også ein brann!

Nybygget

Byggmeister Sivert Storegjerde fekk i oppdrag å føre opp eit nytt bankbygg etter nett same teikningane som det som brende ned. Dette bygget vart ferdig ut på året 1918, og er det som framleis står og som såleis er 100 år i år.

Gamleordføraren i Sande, P.H. Kragset, fortalde meg ein gong at han var 14 år i 1918 og skulle gå for presten, og det var tanken at alle konfirmantane frå Sande og Rovde skulle samlast ein gong for veka i den store møtesalen i banken. Men det nye bygget vart ikkje ferdig tidsnok til dette. Men sokneprest Ole Kvasnes visste råd: Byggmeister Sivert Storegjerde hadde nett då fullført bygging av ny løe i prestegarden. Presten meinte at konfirmantane like godt kunne samlast der på låvegolvet – noko som også skjedde – og det vart eit minne for livet for mange av dei.

Banken og bygget

Banken sjølv tok i bruk halve 1. etasjen. Det var ekspedisjonsrommet med inngang for publikum frå gangen på nordaustsida av bygget. Slik eg hugsar innreiinga frå barndomen, var det ein høg kundedisk rett innom døra. I tillegg var det, ved sida av disken, ein høg skrivepult for føring av kassadagboka i ståande stilling. Innom dette rommet var kontoret til banksjefen og ved sida av det: eit møterom for bankdireksjonen eller bankstyret. Frå dette rommet var det ei smal svingtrapp ned til kjellargangen framfor bankkvelvet.

Banken var ikkje open for publikum meir enn nokre timar kvar onsdag og laurdag etter det eg hugsar frå 50-talet. Laurdag kom også styret til møte. Eg ser framleis føre meg færingen til Sigvald Baade frå Voksa på veg over Åramsundet. Han la opp i støa til Ola Brandal på Åram og fekk med han, og så la dei over fjorden til Larsnes. Dei hadde segla oppe når det var seglvind. Elles rodde dei. Var det ugunstig vind kunne dei baute seg att og fram over fjorden. Det kunne ta tid. Var det god vind frå sydvest gjekk det berre ei lita stund før dei var framme. Dei kunne segle dei karane!

Sirkus i Gamlebanken

Ein dag rundt 1985 fekk eg besøk av ein gardbrukar på kontoret. Han dreiv med nydyrkingsarbeid ved Hallevatnet og hadde med seg ein papirsekk med eit stort bein inni som han hadde funne under graving nede ved vasskanten. Kunne det vere ein kval som hadde stranda der i gammal tid då sjøstanden var vesentleg høgre enn i dag? Eller var det noko anna – kanskje restane av ein dinosaur – trudde nokon? Han ville sende beinet til Bergens Museum og be om ei fråsegn. Men eg høyrde ikkje noko meir om saka.

Noko seinare kom eg i prat med ei eldre dame i Hallebygda. Ho var fødd i 1915 og oppvaksen på Larsnes. Ho kunne fortelje at ein gong i sin barndom, truleg midt på - eller i slutten av - 1920-åra, var det «sirkusframsyning» på Gamlebanken. Det var ei artistgruppe som reiste land og strand rundt med båt og hadde med seg tryllekunstnar og nokre framande dyr som dei viste fram. Der var m.a. ein tiger og ein ung elefant hugsa ho. Men denne elefanten vart sjuk og døydde medan gruppa var på Larsnes. Då var gode råd dyre. Kva skulle dei gjere med skrotten? Dei greidde omsider å få tak i ei høyvogn og fekk lagt elefanten opp på med mykje strev. Så køyrde dei han ut til Hallevatnet der skrotten vart graven godt ned i sanden.

Og det var nok forklaringa på det store beinet som vart funne der på 1980-talet.

Forsamlingshus

Den store møtesalen vart elles nytta til forstandarskapsmøte for banken og til konfirmantundervisning og til julefestar, basarar, songkor, musikklag, misjonsforeiningar og andre lokale tilstellingar fram til 1933, då forsamlingshuset «Breidablik» vart reist. Rovde kommunestyre hadde ofte sine møte her. Møtesalen vart elles fleire gonger nytta til skulestove når det vart for lite plass i gamle Dalebygda skule.

Ombygging

Rundt 1950 vart bygget delvis ombygt. Det vart skifta mange vindauge og bygget vart kledd utvendig med gul eternittskifer på tre av veggane. Den skiferen heng der enno. Møtesalen vart delt inn i fleire kontor for Søre Sunnmøre kraftlag som heldt til her fram til om lag 1960 då kontoret vart flytta til Leikong. Gamleordføraren, P.H. Kragset, var lite glad for flyttinga. Han meinte at kontoret burde vere i Sande der også kraftstasjonen var. Han hevda såleis ofte seinare, i godt lag, at SSK, som var avkortinga for namnet «Søre Sunnmøre Kraftlag», i hans auge stod for orda «Stole frå Sande Kommune!» Seinare kom Vestre Sunnmøre Branntrygdelag inn i desse kontora og heldt til her fram til 1974, då dei vart med til nybygget til banken som vart teke i bruk då.

Skomakarverkstad

I kjellaren vart det elles tidleg innreidd eit rom der Mathias O. Rovde hadde skomakarverkstad. Han dreiv denne i mange år, men eg har ikkje kunnskap om kva tid han tok til eller slutta.

I husværet i loftsetasjen har det budd mange gjennom åra. Eg veit ikkje om alle, men skal nemne nokre: Lærar Toralv Ness med familie kom inn alt i 1918 og dei budde her fram til 1940. Han var også kasserar i banken denne tida. Så kom fleire elverksjefar ved SSK m/familiar fram til 1960. Seinare budde her fleire kommunetilsette med familiar fram til rundt 1980. Deretter trur eg at husværet har stått tomt. Det bør elles nemnast at i loftsetasjen var det til tider fleire rom som vart utleigde til ungdomar som trengde husrom.

Sande kommune kjøpte Gamlebanken midt på 1970-talet, og i 1976 tok teknisk etat og landbrukskontoret i bruk kontorlokala i 1. etasje, og fiskerirettleiaren fekk kontor i 2. etasjen. Det vart då m.a. skifta mange vindauge, men utover det vart ikkje noko særleg gjort for å oppgradere bygget.I ein periode var det såleis snakk om å rive bygget med tanke på utviding av rådhuset, men dette vart det ikkje noko av. Det innreidde rommet i kjellaren vart på 1970-talet teke i bruk av lensmannen i Herøy og Sande. Han hadde den tida kontordag i Sande ein gong for veka.

Av andre instansar som har vore stasjonerte i Gamlebanken, må nemnast Arbeidssenteret for psykisk utviklings- hemma. Det skjedde på 1980-talet då resten av kjellaretasjen vart fullt innreidd til dette føremålet. Dei heldt til her nokre år, men etter ei tid fekk dei problem med utøy og vart flytta herifrå.

Så fekk kommunen på 90-talet god plass i rådhuset etter at kafeen, lensmannskontoret og fiskerirettleiarkontoret vart nedlagte og likningskontoret og trygdekontoret flytta ut. Teknisk etat og landbruk vart då flytta til rådhuset og Gamlebanken stod tom i fleire år.

Gamlebankens vener vart så etablerte som ei ideell stifting og fekk bruke bygget mot å syte for framtidig vedlikehald. Siste året har dei m.a. lagt ny taktekking på bygget, etter at den gamle taksteinen var i ferd med å smuldre opp – noko som gav lekkasjar.

Ved overtakinga kom ungdomsgrupper inn i bildet og etablerte seg i 1. etasjen, som vart delvis ombygd til deira føremål slik den står i dag. Den opphavlege møtesalen er no reetablert om lag slik han stod i nybygget for 100 år sidan. Berre scena og fargebruken er annleis.

I kjellaren kom Larsnes Sogelag og Sande Sogelag inn og oppgraderte lokala der. Her har sogelaget teke vare på mange eldre ting frå bygdene og fotosamlingane etter Olaf Storegjerde, Knut Steinnes, Elias Ekroll og R. Emil Sæter, som dei arbeider med å sikre for framtida og gjere tilgjengelege for bygdefolket og andre.

Med dette vil eg ynskje bygget til lukke med jubileet og med dei neste 100 år. Takk for meg.