Det var hausten 1918...

Året 1918 var eit toppår for fotograf A. Berge. Han tok over 900 bilete og hadde ei omsetting på over kr 3.500,-.
Nyhende

Som vanleg var den gongen, var det på våren og utover sommaren, det var mest aktivitet. Av dei 900 bileta frå 1918, eksisterer om lag 130 framleis i form av glasplater, og desse vart digitaliserte i samband med arbeidet med boka om fotografen på Berge.

Mellom dei som oppsøkte atelieret i september 1918, var ein som står oppført som «Kornelius Eggesbø» i plateboka. Namnet finst ikkje i Herøybøkene, ei heller i folketeljinga 1910 for Herøy. Men Kornelius Pedersen budde på Eggesbøneset på byrjinga av 1900-talet og må truleg vere rett person. Han var sonen til Mathilde Sofie Pedersen og Knut Eliasson Vik frå Syvde. Ein gong før folketeljinga i 1900 har Kornelius, saman med bestefaren Johannes Pedersen, onkelen Sigvald Marius Pedersen og mora Mathilde Pedersen flytta frå Skomagerholmen (Leikanger sokn) til Eggesbøneset. Dei står oppført under bnr. 1 og leiger hus med Mons Pederson Eggesbø. Både Johannes, og seinare Sigvald, livnærte seg av skomakarverksemd. Kornelius fekk i 1919 skøyte med Mons Eggesbø på bnr. 14, Lunheim, og bygde stove der året etter. Samstundes i 1920 gifta han seg med Emma Andreasdotter Årlotdal frå Rissa. Utan at ein kan seie det sikkert, er det truleg ho som er saman med han til fotografen i september 1918.

Litt seinare på hausten var barneflokken til Sigvald Sæmundsson og Sara Johansdotter Remøy innom atelieret. Sigvald og Sara gifta seg i 1903 og hadde 10 born saman. På biletet frå hausten 1918 var ikkje eldste guten med. Truleg hadde Sverre Georg (1904) alt starta si karriere som sjømann, og var kanskje med faren eller onkelen Johan Remøy på fiske med Ms Polara (M 65 HØ). Heller ikkje dei tre yngste borna er med på bilete (født etter 1918). Men jentene, Borgny (1905), Mimi (1907) og Lydia (1912), kom saman med gutane Johan (1910) og tvillingane Sigbjørn (1915) og Sigurd (1915).

Frå november 1918 har eg tatt med eit bilete av ei ung kvinne som kom frå Volda, og truleg berre ei kort periode budde i Herøy. Ho heitte Dina Kristine Pettersdotter Håskoll. I juni 1916, berre 19 år gammal, gifta ho seg i Volda kyrkje med Herlaug Augustinus Horvei frå Herøy. Han var då berre 18 år. I juli 1918 fekk dei ei dotter, Johanne, og seinare gutane Erling og Hans. Då bilete var tatt, jobba Herlaug som fiskar, og dei står oppførte som heimehøyrande i Røyra. Men ikkje lenge etter, utvandra Dina og Herlaug til Natal i Sør-Afrika. Der slo dei seg først til i Marburgsettlementet. Dette var det same settlementet som der mellom andre Johan Olaison Nærø og kona Karen Olsdotter Kvalsvik hadde busett seg. Dina og Herlaug er kort omtalt i eit minneskrift om kolonien frå 1932. Alle tre borna vart gift e i Sør-Afrika og heile familien flytta seinare til Durban.

Det siste bilete eg tek med er tatt i samband med bryllaupet til Anton Eliasson Elsebø og Anna Pedersdotter Gusdal frå Vanylven. Dei gifta seg på Lucia-dagen, 13. desember 1918. Foreldra til Anton, Elias Arneson Kopperstad og Nikoline Annaniasdotter Kvalsvik, bygsla først eit bruk på Reite, før dei i 1898 bygsla Vonheim (Berge Øvre bnr. 6) av Mons Knutson. I 1915 fekk Anton, saman med broren Bern, skøyte på bruket og dei bygde samstundes på stova til eit større hus. Medan familien til Anton nytta Elsebø som etternamn, skreiv Bern si familie seg for Reite.

Anton og Anna fekk to jenter, Petra Kristine (1920) og Borghild Elisa (1921). Anna døydde alt i 1922 og Anton gifta seg på nytt i 1925 med Marta Karlsdotter Tunheim frå Vanylven. Personane som står bak brudeparet er truleg familien til Anna frå Vanylven.

Med dette ynskjer eg alle lesarane til Vestlandsnytt god jul og godt nytt år!