Frå Folk og Fortid, 2018:

"Dampbåten Grei"

Fjordbåtane med den moderne nyvinninga, Dampen, var i mange år eit av dei viktigaste samferdselstiltaka vi hadde på Vestlandet. Det vart sagt at tusenåra hadde gått utan store endringar, men då Dampen kom, vart det ei ny tid.
fakta om DS Grei
  • Bygd som DS Kværnes ved Aker 1895
  • 1907 ny eigar og nytt namn, Grei
  • Ca. 70 fot, smal og kvass
  • 63 bruttotonn
  • Godkjent for 80 passasjerar
  • 2-sylindra Compound dampmaskin
  • Yting 18 nhk, 121 ihk
  • Toppfart 9 knop
  • Ombygd 1948 til MS Grei ved Kleven
  • Ny motor 50 hk Wichman
  • Brukt som fiske- og fraktefartøy
  • Fleire eigarskifte 1949–1989
  • Stifting i Kristiansund overtok i 1989 for å restaurere attende til gamle Kværnes.
Nyhende

Vårt fylke kom tidleg i gang med rutebåtar mellom øyane og på fjordane. Alt i 1856 kjøpte Det Søndmørske og Det Romsdalske Dampskibsselskab eit dampskip som vart kappa i to, ombygt og deretter grunnlag for dei to hjulbåtane Søndmøre og Romsdal. Stortinget hadde, 5. og 6. mai 1857, drøfta om staten skulle eige og drive rutebåtar, men det var det ikkje fleirtal for. Det vart opna for ei viss økonomisk støtte til private selskap, men drifta i SRD gjekk likevel dårleg, og etter 10 år var selskapet konkurs. Begge båtane vart etter konkursen selde ut av fylket.

Nordmøre fekk det til

Kristiansund var i 1850-åra den klart største byen i fylket med sine ca. 4000 innbyggjarar og hadde dermed betre grunnlag for rutetrafikk i nærområdet enn tilfellet var lenger sør i fylket. Der var fleire aktive selskap med båtar i trafikk på nordmørsfjordane, og i 1894 vart Kværnes og Grip Dampskibsselskap skipa. Året etter bygde selskapet den første DS Kværnes, men han vart snart for liten, og ein ny Kværnes vart bygd. Den gamle vart seld og fekk nytt namn og ny framtid, noko vi skal sjå nærare på.

I 1907 vart gamle Kværnes seld til eit av dei andre ruteselskapa i området og fekk namnet Grei. Båten gjekk i rutefart på Nordmøre og skifte eigar fleire gonger dei neste 10–12 åra. Siste eigarselskapet på Nordmøre var Bøndenes Trafikkselskap i Stangvik. Tidleg i 1919 vart Grei kjøpt av Ulstein Dampskibslag i Ulsteinvik, eit partsreiarlag med fleire lokale eigarar. Båten vart sett inn i rute mellom ytre Sunnmøre og Ålesund, der han måtte konkurrere med Voldens Dampskibsselskap om passasjerar og gods.

Konkurranse

Dei små, lokale selskapa konkurrerte seg imellom på ein så øydeleggande måte at økonomien vart dårleg og konkursane mange. Det førte til at i 1920 vart 12 selskap med til saman 36 skip slått i hop til Møre Fylkes Ruteselskap (MFR), men dei som eigde Grei, ville ikkje selje fordi dei meinte taksten på båten var for låg. Det enda med konkurs for ulsteinselskapet, og Grei kom på tvangsauksjon. Ny eigar vart Peder L. Moldskred, disponent var Ludvik Moldskred frå Haddal. Etter ei tid vart det klart at alle partar ønskte ei løysing på den uheldige konkurransen. I 1930 leigde ulsteinselskapet ut Grei til MFR. Då leigetida var ute i 1932, selde selskapet båten til MFR. Etter ombygging og modernisering kom båten igjen i rutefart i same farvatnet han hadde gått dei siste åra. Eit av vilkåra Ludvik Moldskred hadde sett for handelen, var at Haddal framleis skulle vere stoppestad på ruta.

Ragnar Ulstein har gjort greie for den lange prosessen fram til eit samla selskap. Han seier m.a. at den usunne konkurransen «margstal» selskapa.

At konkurransen mellom dei ulike selskapa var hard og nådelaus, ser vi m.a. av den lysande soga som pensjonert MRF-skipper Harald Garnes kunne fortelje. Han voks opp i eit hus like ved Dragsundet med utsikt til den smale opninga i sundet. I 1926/27 var DS Grei i privat eige og konkurrerte med fylkesbåtane sin MB Grip, og ein annan privat rutebåt som heitte Viking. Den tida var det ikkje elektrisk lys på Herøy-sida av sundet. Dei som eigde Grei, fann ut at dei skulle sette opp ei 100 W lyspære akkurat i opninga, som då hadde ei breidd på 12 m. Sidan huset til familien Garnes låg nærast sundet, vart lysbrytaren plassert der. Familien fekk streng beskjed om at dei ikkje skulle slå på lyset utan når Grei var ventande. Den ordren vart ikkje teken heil alvorleg når dei såg at andre båtar ikkje fann opninga i mørket. Dei slo då på lyset slik at båten kom seg gjennom. I 1935 sette fyrvesenet opp raude og grøne lampar, så då vart alt vel.

Farefull ferd

I ættesoga Den Store Moldskredslekta skriv Oddmund Moldskred at Grei var ein populær båt også til oppdrag utanom rutetrafikken. Ein gong det var songarstemne i Ålesund, skulle Grei gå frå Hareid med passasjerar som skulle til stemnet. Mange ville vere med, og

då båten skulle gå frå kai, var det meir enn

200 kvinner og menn om bord. Vesle Grei var godkjend for 80 passasjerar, men hadde no tre gonger så mykje. Det vart krangel mellom Ludvik Moldskred, som eigde båten, og han som var skipper og hadde ansvar for båt og passasjerar. Ludvik meinte dei kunne ta turen likevel sidan ingen av passasjerane ville gå på land, men skipperen meinte det var livsfarleg. Krangelen enda med at skipperen nekta å føre båten og gjekk på land. Ludvik hadde sjølv skippereksamen og tok ansvaret som skipsførar då den overlasta båten la ut frå kai.

Det vart selt billettar og skrive passasjerlister, men han som skreiv listene, fekk beskjed om at dei ikkje skulle vise meir enn det som var lovleg. Det vart selt 213 billettar. Grei kom fram til Ålesund etter ein tur som visstnok hadde fått fram kaldsveitten på fleire. Politiet hadde fått nyss om den farefulle ferda, og på kaia stod tre politimenn og venta for å kontrollere. Passasjerane fekk beskjed om å halde seg om bord til dei kunne teljast, men medan politiet var inne på billettkontoret og kontrollerte passasjerlista, skunda passasjerane seg på land. Kva politiet kom fram til, er noko uklart, men overlasta fekk ikkje følgjer for transportløyvet verken til skipsføraren eller reiarlaget.

Det gjekk fleire år før Ludvik ville snakke så mykje om denne hendinga. Han fortalde då at han i ettertid sjølvsagt såg at det han hadde gjort, var gale – det var skipperen som hadde rett. Dette vedgjekk han og retta opp att det gode tilhøvet til skipperen.

Lokalt

For folk i Indre Herøy var fjordbåten Dampen nesten det same som DS Grei. Han kom i rute frå Volda til Ålesund i 1920-åra, og her gjekk han i 1930-åra, gjennom krigen i 1940-åra og nådde nesten 1950-åra. Standarden om bord var ikkje høg samanlikna med det rutebåtar i dag har å by på. Framme var ein liten lugar, under midtskipet ein heller liten salong eller eit opphaldsrom for passasjerane. Begge vart nytta av både mannskapet og passasjerane. Båten var sertifisert for heile 80 passasjerar. Vart det trongt, måtte dei òg bruke gangen på babord side eller søkje ly under ein presenning som var strekt opp som tak akterut. Lugaren forut kunne vere både for mannskap som hadde frivakt sovande i køya si, og for passasjerar. Båten hadde ikkje mannskapsmesse og heller ikkje servering for dei reisande. Vilkåra for vask og personleg hygiene var elendige. Der var bysse med stuert og trise, mannskapet henta maten sin der. Grei hadde i lang tid ord på seg for å vere den minst påkosta rutebåten i MRF. Det gjekk lenge før det vart installert elektrisk anlegg. Fram til då var det kolfyring og parafinlampar. Seinare fekk båten eit lite stimaggregat med nok effekt til lys.

I ruta på Sunnmøre hadde Grei eige rom på styrbord side til frakt av store og små dyr. På stoppestader der dyra ikkje kunne gå om bord på eigne føter, måtte dei løftast med sele, vinsj og ein lastebom med klart avgrensa sving. Oftast gjekk det greitt, men ein gong ei ku skulle vinsjast om bord i Tjørvåg, hoppa ho ut av selen og fall i sjøen. Ho sumde mot land og kom seg opp utan hjelp frå folk. Det er òg fortalt om kalvar som kom til verda i ”fjøsen” om bord.

Rutetabellen frå 1929 viser at Grei var innom mange stoppestader på indreruta, ulikt frå dag

til dag. Leikong var med onsdagane. Då hadde Grei natthamn i Volda, og ruta starta derfrå kl. 05. Den faste ruta og stoppestadene var deretter Velsvika, gjennom Måløystraumen til Støylekaia på Kleppane, til Sandekaia på Leikong, til kai i Kjeldsund før båten fór gjennom Dragsundet og til kai på Garnes. Deretter gjekk han til Eggesbønes, Herøy, Våge på Dimna, Ulsteinvik og Flø før han nådde Tollbukaia i Ålesund kl. 10.30. Returen gjekk kl. 15.30, og til vanleg var det same ruta attende til Volda. Då kunne klokka ofte vere komen til både 21 og 22. I tillegg til dei faste stoppestadene var det råd å avtale stopp andre stader langs ruta. Røykeriet på Hestholmen og i Garvika i Tjørvåg er nemnde som slike stader.

Dampskipskaiene var ikkje berre stoppestader, men møteplass for lokale og framande, og ein del av den tids magre underhaldningstilbod.

Grei vart òg brukt i andre ruter på Sunnmøre. Mellom dei er Runde-ruta og ytreleia til Larsnes. Etter at Grei var ute av Volda-ruta, kom DS Ternen og DS Møringen inn i rutene på søre.

Mannskap

Til vanleg var det to navigatørar og to maskin-kunnige om bord, stuert og dekksmann var òg fast mannskap.

Sigvald Garnes var i lang tid skipper på Grei. Han kom om bord som styrmann og medeigar i 1928 medan Moldskred var reiar. Året etter vart han skipper og hadde ansvar for båt og passasjerar i ureint farvatn i mange år. Det var få instrument til hjelp for navigatørane den første tida. Radaren var enno ikkje komen, det var kursbok, kompass og klokke å lite på i skodde og snøkave. Garnes vart med då MFR kjøpte Grei, og han vart med vidare då selskapet endra namn til MRF. Der var han på ulike fartøy heilt til han pensjonerte seg i 1962 etter 32 år som skipsførar.

Det er ikkje lett å finne opplysningar om mannskapslister o.l. etter at MRF vart ein del av Fjord1.

Harald Garnes var truleg om bord i Grei ein bolk. Han vart seinare skipper på fleire rutebåtar og ferjer i MRF. Ein dekksmann/billettør på Grei var Jim Spjutøy frå Ulstein. Ein stuert var Oskar Røren. Andreas Moldskred og Konrad Bjerkvik var maskin-folk.

Frå Leikong kom seksten år gamle Ingolf Vattøy om bord som dekksgut i 1936. Han tok seinare styrmannsskule og kom om bord igjen som styrmann. Han var etter kvart i teneste på fleire av båtane til MRF før han gjekk frå borde som skipper i 1985. Då hadde han tenestegjort i reiarlaget i 49 år.

Bror hans, Richard Vattøy, var òg lenge mannskap om bord på Grei og andre båtar i MRF.

Livredning og bergingsløn

Ingolf Vattøy er ein av dei som er intervjua i jubileumsboka til MRF. Der fortel han om livet om bord og tek fram spesielle hendingar. Av det morosame slaget nemner han ei fargerik dame som av og til vitja slekt i Volda. Då hadde ho med seg fele om bord og spelte for passasjerane. Då dei nærma seg Volda, tok ho opp kollekt som ho betalte billetten med.

Ingolf fortel at ein gong seinhausten 1943 låg dei med Sira og lossa på Innselset i Dalsfjorden. Ingolf var då styrmann om bord. Ei eldre dame hadde i mørket gått ut for kaikanten og falle i sjøen. Ingolf høyrde at nokre gutar ropte om hjelp til dama, så han sprang opp og hoppa etter med beksaumskoa på og ein stor pengepung i lomma, fann dama og fekk tak i henne. Ho låg framover og tviheldt på ein brun koffert. Han fekk henne på land, der folk hadde strøymt til og tok hand om henne. Nokre få dagar seinare fekk han ein pakke frå dama han hadde redda, og bergingsløna var eit kilo bondesmør og eit lestepar.

Året etter vart det igjen berging i vintermørket. Det var rett før jul, og dei låg i Tjørvåg og lossa juletre. Ein gut hadde stige feil på granbar som låg utfor kaikanten, og falle i sjøen. Ingolf høyrde ropa og fekk auge på guten i sjøen. Han hoppa ut og berga guten opp på kaia. Der stod ekspeditøren, han gav guten ein smekk på baken og sa: ”Dra deg heim att!”

Denne gongen var bergingsløna eit par selbu-vottar.

På friarferd

Ein godt vaksen mann fortalde om då han som ung skulle vitje kjærasten sin på Leikong i helga. Han reiste frå indre med buss og gjekk om bord i Grei i Ålesund tidleg på dag. Sjøturen gjekk strykande til dei kom forbi Flø. Derfrå såg han den fjellranda i «syningom» som han visste var der inne langs Rovdefjorden – det var nesten dit han skulle. Men frå Flø og vidare gjekk det slett ikkje strykande. Dei var innom den eine stoppestaden etter den andre, på kryss og tvers over fjordar og viker, men fjella kom ikkje nærare. Han lengta og vreid seg, det tok ingen ende på kor mange stader dei skulle innom, og kor seint det gjekk. Folk med pikkpakk skulle gå om bord og på land, kasser med hylande grisungar frå Vigra, mjølkespann frå meieriet og mjølsekker frå grossisten i bya skulle vinsjast opp på kaia. Fjella i «syningom» kom ikkje nærare og nærare.

Då Grei endeleg kom til Leikong og mannen gjekk på land, følte han at han hadde brukt nesten halve helga på å reise éin veg, og han skulle same vegen heim att!

Krigsår

Dei tyske okkupantane heldt streng kontroll med all kystfart, men dei hadde òg interesse av at lokaltrafikken fungerte. Dei tyske hamnekapteinane var til vanleg innstilte på at denne trafikken skulle fungere, men krigens krav måtte gå framom andre. Dragsundet mellom Gurskøya og Hareidlandet hadde den tida ikkje fast bru med god seglingshøgd, men ei bru som stengde sundet og berre vart opna for godkjend trafikk. Når båtar som Grei kom til brua, måtte dei legge bi for kontroll, og passasjerane vart samla til passkontroll.

Grei vart ein gong under krigen angripen av allierte bombefly innanfor Godøya. Bombene fall så tett rundt båten at dei som såg på, sa han vart borte i sjøsprøyten frå eksplosjonane. Til alt hell vart korkje båt eller folk skadde. Dei same flya angreip også DS Ivar Aasen i Breisundet. Heller ikkje der vart det skade.

Verre gjekk det då fem allierte fly i 1944 angreip DS Eira ved Lepsøya. Ein styrmann og 12 sivile passasjerar vart drepne i det meiningslause angrepet. På nyåret i 1945 vart Grei igjen angripen av engelske fly, denne gongen utanfor Lauvstad. Flya hadde vore på tokt i Dalsfjorden, dei fann vel ikkje noko betre å bruke bombene til. Også denne gongen kom båt og folk frå det utan skade.

Kjeldene som fortel om desse åtaka, spriker ein del når det gjeld nasjonaliteten til flya. Vi har problem med å tru at det var våre allierte som bomba oss, men det er grunn til å tru at krigshistorikaren Ragnar Ulstein har tilgang til dei beste kjeldene når han skriv «allierte fly» der andre fortel om «tyske fly».

Siste reis

Etter at Grei i 1948 vart utrangert som rutebåt for passasjerar, skifte han eigar og funksjon fleire gonger. Hans Feie i Fosnavåg fekk han ombygd til fiskefartøy ved Kleven i 1949. Eit par år seinare vart han seld til Alfred Dyrnes i Kristiansund. Deretter kom fleire eigarskifte på Nordmøre før han i 1984 kom tilbake til Herøy med Tjørvåg Stålprodukter som eigar. I 1989 overtok ei stifting på Nordmøre Grei med sikte på å restaurere og føre han attende til slik han var som den gamle dampbåten Kværnes. Det gjekk ikkje heilt etter planen sjølv om stiftinga fekk støtte til arbeidet. Prosjektet stoppa opp, og det vart søkt om løyve til å søkkje båten. Søknaden vart avslått, men båten forliste og sokk under slep 9. april 2002 utanfor Kvitnes lykt i Aure. Båteigaren fekk bot for uforsvarleg slep. Vraket er no ein populær stad for amatørdykkarar.

Det er med undring og vemod vi i dag må ta inn over oss at ingen av dei gamle dampskipa som i vårt fylke hadde ein så viktig funksjon, er tekne vare på og redda for framtida. Dette er ikkje slik det burde vere i eit fylke som har hausta så mykje rikdom frå havet, i dei same farvatn Dampen gjekk. Sjølv innlandsbøndene på Austlandet tok vare på hjuldampen sin.

Kjelder: Johan Ottesen: Båtar med historie, Nett-tidsskriftet «Skipet», Digitalarkivet.no: Skipslister, Ragnar Ulstein: Samarbeid om samferdsel, Ragnar Ulstein mfl.: Om samferdsel i M og R I

Arne I. Torvik mfl.: Om samferdsel i M og R II, Bjørn Myhre 90943922, båtkunnig i Volda, MRF Skipslister, Hans Olav Vattøy: Om far Ingolf, Maritimhistorie.no, Marmuseum.no, Romsdalsmuseets fotoarkiv: Foto av Grei, Solbjørg Støylen Brekka: Bilete av Damp ved Kleppe, Perdis Dimmen: Om far Sigvald, Måleri av Grei på CD, skanna av Aksel Knutsen.

Sindre Richardson Vattøy: Foto av Richard, Oddmund Moldskred: Den store moldskredslekta