Torsdag kom nyheita om at Fiskeridirektoratet har tildelt to krilkonsesjonar, ein til Aker Biomarine Antarctic AS (Aker Biomarine) og ein til Stig Remøy sin nye krilbåt Rimfrost Antarctic II AS (Rimfrost). Dei søkte begge om kvar sin konsesjon og det var i alt to som skulle delast ut. Med dette har Rimfrost to konsesjonar for krilfiske i Sørishavet. Kjell Inge Røkke sitt selskap har fire konsesjonar. Remøy jobbar med å bygge ny kriltrålar etter at Emerald Fisheries gjekk konkurs og «Juvel» gjekk til konkurrenten Aker.

- Dette er svært positivt og noko vi er veldig glade for. Vedtaket peikar på at vi står stekt i forhold til konkurrenten, seier Stig Remøy til Vestlandsnytt.

No som Remøy har sikra seg nok ein konsesjonen kan det bli to nye kriltrålarar for Rimfrost. Vi spør derfor Stig Remøy om han har planar for ein ny trålar. Inntil vidare held han korta tett til brystet, men kan dele med oss at dei er i ei avsluttande runde med nokre verft, og at vi vil vite meir om planane for dei to konsesjonane om ikkje lenge.

Svarar godt til kriteria

Ved vurdering av søknadene er kriteria oppstilt av Nærings- og fiskeridepartementet. Dei omfattar norske interesser, miljøomsyn, finansielle føresetnadar og erfaring og kompetanse på kril.

- Det er Fiskeridirektoratets vurdering at Aker Biomarine og Rimfrost best svarer til desse. Søkarane skil seg i størst grad på kriteria om finansiering og gjennomføringsevne på lang sikt, samt erfaring og kompetanse på kril. Etter Fiskeridirektoratets oppfatning skil søknadane seg ikkje nemneverdig frå kvarandre når det gjeld kriteria om norske interesser og miljøomsyn, heiter det i vedtaket om nytildeling.

I tillegg går det fram av vedtaket at det er Rimfrost som best oppfyller kriteria om norske eigarforhold.

Konsesjonen er avgrensa til å gjelde fiske etter kril med pelagisk trål i CCAMLR-området. Nærings- og fiskeridepartement et har sett fristen for siste oppstart med fartøyet til tre år etter vedtaket om tildeling.

Ein tredje søkar, Vigra-selskapet Fish Group of Norway AS (FGN) med Nils Hallvard Molnes is spissen, nådde ikkje fram i konkuransen.

Pågåande rettsak - endeleg dom over nyttår

Det kan elles nemne at det for tida går føre seg ei lenge venta rettssak om kril-patent, mellom det Røkke-eigde selskapet Aker BioMarine AS og kril-selskapet Rimfrost AS. Rettssaka vert gjennomført i Søre Sunnmøre tingrett.

Stig Remøy og Kjell Inge Røkke har i lengre tid konkurrert om dei enorme kril-mengdene i Sørishavet, som elles er verd milliardar av kroner. Aker BioMarine gjekk etter kvart til søksmål mot kril-selskapet til Remøy, Emerald Fisheries, med påstand om at selskapet hadde tatt i bruk Aker sin patenterte teknologi. Det førte til at kril-reiarlaget sin fiskebåt «Juvel» blei liggande uverksam. Selskapet gjekk konkurs i 2017. «Juvel» vart då kjøpt av Aker BioMarine på konkurssal. Det er her rettsspørsmålet som no skal behandlast startar. Aker-selskapet meiner at dei gjennom kjøp av «Juvel» også kjøpte kril-patenta om bord. Stig Remøy har på si side påpeika at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing, men av selskapet Rimfrost som han er hovudeigar i.

Tidlegare i år slo amerikanske Patent Trial and Appeal Board (PTAB) fast i ei anna sak at kril-patenta tilhøyrande Aker BioMarine er ugyldige. Desse patenta var også ein del av grunnlaget for Aker-søksmål mot Rimfrost i Delaware i USA og i US International Trade Commission (ITC), der Aker seinare har trekt ITC-saka.

På det noverande tidspunktet vil ikkje Stig Remøy seie noko om rettssaka, anna enn at dei er lova ein endeleg dom fyrste veka over nyttår.