"Soga om sønner af Herø"

Kven dikta songen i flaskeposten?

Kven dikta songen i flaskeposten?
Nyhende

Å syngje i kor er ein kjekk og sosial hobby som eg har dyrka både i blandakor og mannskor i mange år. Grimstadkoret har eg alltid vore med i. I Herøy mannskor har eg vore med i to omgangar, fyrste gongen i 2002 med Jostein Storøy som dirigent, og vi var mannsterke. Kor lenge koret eksisterte, veit eg ikkje. Vi øvde berre éin gong i månaden, og øvingsstaden var Frikyrkja. Repertoaret var allsidig med både sakralt, profant/nasjonalt stoff.