Pinka Harmonie, jula 1829

"Det må ha vore eit himla uvêr i Nordsjøen 24. og 25. november 1829"

Skipet Emilie som kasta anker på «Freistavogens havn».
Nyhende

Avismeldingar

Det er vel ikkje kvart år eit skip søkjer naudhamn og «kastar anker» på Frøystadvågen. Men nokre avismeldingar i 1829/30 vekte nyfikna.

Norsk Handels Tidende, 30/12 1829:

Skibet Emilie af Drammen 10-1/2 comlstr., ført af capt. Thor A. Wærnes, kommende fra Belfast med ballast, er, formedelst skrækkelige storme således drevet ud af sin cours, at det den 10de december kastede anker på Freistavogens havn pr Herrøe, dybt ind i Woldsunds toldopsynsdistrict Romsdals amt, uden nogen skade på skib og mandskab. Ikkun herskede mangel på levnetsmidler.


13/1 1830:

Skibet Emilie, capt. Thor A. Wærner af Drammen, der den 10 decbr var indkommet i nærheden af Woldsund i Romsdals amt lå endnu sammesteds 1ste juledag.


4/8 1830:

Woldsund pr Ålesund den 18de juli.

Skibet Emilie af Drammen ankom hertil fra Leith den 5te d.m. med steenkull til Rundøe Fyhr og indtager nu her igjen, den i december f.å. hertil indbjergede trælast ladning. Denne ladning der bestod af omtrent 9.000 cubik-fod eg og furre, blev den under 8de d.m. over samme afholdt auction tilstået et handelshuus i Drammen for den sum 21 spd. er en og tyve speciedaler.

Skibsvraget Harmonie dræktig 98 commerce-læster, bygget af eg, blev samme dag bortsolgt for 1 spd, 3 mk 2 sh, er en speciesdaler tre ort to skilling. Hvor det dog er at mærke, at kjøberen påbandtes omkostningerne, som var 1.192 spd.

Pinka Harmonie

Det må ha vore eit himla uvêr i Nordsjøen 24. og 25. november 1829. Men fyrst ei veke til fjorten dagar etter, kunne avisene her heime fortelje om «tingenes tilstand».

Frå England vert det meldt om stormbyger frå nord til nordost og frå Amsterdam og Hamburg en fryktelig storm frå nordost. Etter kvart strøymer meldingar inn frå uthamnene langs Sørlandskysten: Søskade på skib, contrair vind, forliis af seil, skiib indkomne under havarie, osb. Det var i dette uvêret pinka Harmonie møtte lagnaden og skipet Emilie av Drammen kom så heilt ut av kurs.

Så slo det brått om til gnallefrost og kulde: Vinteren har indfunden sig med megen strenghed, heiter det i ei melding. Rundt Nord- og Austersjøen fraus fjordar, elveosar og hamner til, i Gøteborg klagar dei på at byen er isolert frå omverda. Då mest all varetransport gjekk med seglskuter sjøvegen, vart isen eit skikkeleg problem. Handel og vandel har stoppa heilt opp, melder avisene.

Harmonie av Swinemünde, kaptein E. G. Kruse, var på veg frå Memel – dagens Klaipeda i Litauen – med trelast for London. På denne tida var Øresundtollen reine pengemaskina for danskekongen. 15. november gjorde Kruse opp for seg: Med toll, «føring» og fyrpengar vart det i alt 13-1/2 daler og 16 sk:

207 stk bjelker

80 « vognskud

128 « pr. dehler

50 « planker

- oliekager

8 favne splitholt

Det neste ein høyrer om Harmonie, er 27. november. Då kom ei skute frå Skien, på heimveg frå England, over det drivande vraket. Master og tauverk var kappa og Harmonie forleten. Merkeleg nok, journal og skipspapir låg att i ruffen. Den prøyssiske konsulen i Kristiansand fekk melding om funnet. Men han trøysta seg med at mannskapet nok var redda: Han visste om to andre skuter på same kurs.

1. juledag blir Harmonie funne tre mil vest av Runde. Vraket vart slepa inn til Flusund. Der gjekk det på grunn eit stykke frå land. Skip og last vart auksjonert bort, men blei inntil vidare liggande hjå lensmannen i Flusund. Det er såleis nemnt i arveoppgjeret etter Mdm Nille Leganger f. Wiig. Ho var den svært så velståande kona til lensmann Hans Leganger:

De mødende [skifteforvaltarane] anmeldte derefter at efter at registeringen i dette boe var afholdt havde de i anledning det i søen fundne og i forleden december måned til Fluesund indbragt vragskib bleve eenige med commosionaire Her. Blix pakhuusleie og stabelleie for bemeldte vragskibs ladning og inventarium i boets ejende grund på Fluesund: 50-0-0.

Lensmann Hans Leganger sjølv døydde to år etter kona. I eit komplisert oppgjer dukkar Harmonie atter fram. Den tidlegare Sunnmørsfuten, P. Hagerup, måtte vedgå for bustyret at han ikkje hadde betalt grunnleige for lagringa av lasten. Men no har han kome med eit avdrag på 22 spd og 4 ort. Han lovar å betale resten til buet, så snart han får krav om det.

Dei to leigelendingane i lensmansgarden, Jens Ellingsen og Ole Mikalsen, kjem med påstand om få utbetalt halvparten av dei 50 spd for lagerhaldet. Verje for borna, Niels Wiig, hevdar at dette er opp og avgjort i lensmannen si levetid. Kravet vert også avvist av skifteretten.

I auksjonsutlysinga var det presisert at vraket låg på grunn og var fullt av vatn. Men kven kjøpte Harmonie og kva skjedde vidare? Nei, det veit eg ikkje. Lasten kom vonleg vis i god behald til Drammen.

Emilie. Skipper og skute

Etter krigen 1807-14 svinga Drammen seg opp som ein av dei større sjøfartsbyane i Norge. Såleis var der i 1824 heimehøyrande 58 handelsfarty på tilsaman 2.866 commerce-lester.

Eg er noko uviss om opphavet til Emilie, men gjennom avismeldingar kan ho fylgjast år for år. Eigar var Erik Børresen, ein av byens mektige menn og ein av Norges største skipsreiarar. «Kong Erik» vart han kalla, men ikkje heilt utan riper i lakken. Mellom mykje anna, var han visstnok eigar av 20 skuter og skip på det meste.

Men det var tilsynelatande tre «Emilie» på denne tida: I Drammen, Christiania og Kristiansand. Og der var også ei svensk «Emilie» og kanskje enda ei til i same farten på Nord- og Austersjøen.

Namnet på skipperen er openbert feil. Etter litt leiting fann eg den rette, Johan Andreas Wærner, f. 1776 i Christiania, der faren var kjøpmann.

I folketeljinga 1801 bur han framleis heime hjå foreldra, men giftar seg same året med jomfru Dorothea Cathrina Dass. Ho skal ha vore av den velkjende Dass-slekta i Nordland. I alle fall, dei vart heimevigde og ved giftemålet titulerer han seg som Skibscapitaine.

Før krigen var han – etter eiga utsegn – skipper og stadig i fart på Bordeaux. Etter krigen tok han opp igjen dette, no som deleigar i barken Louise. Eksportvarer synest å ha vore trelast og stykkgods med Wiin og Brændewiin etc. som retur frå Frankrike.

Frå 1825 og utetter finn ein Wærner som skipper på Emilie, i fart på Nord- og Austersjøen.

I april 1830 vart Emilie rapportert frå Ålesund, på nordgåande, i ballast for Trondhjem. Mest truleg hadde ho blitt liggande vinteren over i Frøystadvågen. 25. mai er ho komen til Leith i Skottland, frå Trondhjem. Og 5. juli er ho komen på Holmefjorden, lasta med kol frå Leith til fyret på Runde.

I oktober 1832 kom dei begge ut for eit nytt uhell: Emilie gjekk på grunn ved Liverpool, men kom uskadd av. Turen til Bergen kunne derfor halde fram. Det er det siste eg finn om skipper og skute.

Johan Andreas Wærner døydde i Christiania 26. oktober 1833. hvilket herved sørgeligt bekjendtgjøres for fraværende beslægtede og venner, skriv Dorothea E salige Werner, født Dass, i dødsannonsen.

Eg har funne etterkomarar både i Norge og USA. Nokre av dei siste nyttar, av naturlege grunnar, slektsnamnet Verner.

«Steenkull til Rundøe Fyhr»

Emilie er nemnd med ein last steinkol til fyret på Runde.

Fyret – det fyrste nord om Stadt – vart tent i 1767. Det var eit privat tiltak med kongeleg privilegium. Eigaren var P. F. Koren, byfut i Kristiansund. Ein «fyrte» bokstavleg tala i ei såkalla fyrgryte, ikkje ulik dagens bålkorger. Men Koren spedde på med brenntorv, noko han fekk påpakning for av tilsynsmyndigheitene.

Då Koren døydde, tok Staten over. På midten av 1820-talet vart dagens fyrstasjon bygt opp på Kvalneset med bustadhus, uthus/fjøs, kolhus, smie og naust. Sjølve fyret vart plassert der fyrtårnet er no. Det var eit mura steintårn med opne kvelvingar og trekkanal med eit lyktehus på toppen. I lykta, på toppen av kanalen, var ei rist med det brennande kolet. Trekken kunne justerast med ei dreibar pipe og trelemmar føre kvelvingane. Brenntid var 15. august – 30. april fra 1/2 time efter solens nedgang indtil dens opgang.

Hans Ahlburg, tidlegare tollar i Voldsund, vart inspektør med bustad på Kvalneset. For pass og stell skulle han halde to oppassarar. Det var eit slitsamt og skitsamt yrke. Det gjekk med noko over to tunner kol for natta, dette bar dei opp om dagen. I fyret var eit lite rom dei låg i, men det var eit luftig rom. Kom vinden frå sør og var ujamn, slo det ned og fylte heilt fyret med kolrøyk. Likevel, det var «status» å vere fyrdreng.

Fyret hadde truleg ei bu eller ein opplagsplass for kol i tilknyting til tollstasjonen, kanskje ved Teigebogen eller på Skotholmen?

Steinkol vart kjøpt inn etter anbod. I 1830 heiter det: Kullene skulle være af bedste slags, store skotske fyrkull. Af en mat sort, om endog i det grålige faldende farve; lignende sort schifer- eller tavlesteen med horizontale lag. Slikt fanst berre i gruvene ved Leith-fjorden i Skottland, nettopp der Emilie henta last.

Nede på Kvalen vart det, i slutten av 1850-åra, sett opp eit høgt støypejarnstårn. På toppen blei plassert ei lykt med eit 1. ordens linseapparat og oljelampe. Det gamle fyret vart sløkt, som eit av det siste kolfyra i Norge.

I dag er det enda eit anna fyr som lyser. De søefarende til hielp og tieneste, om ein skal bruke Koren sine eigne ord, for over 250 år sidan.


Kjelder:

Anton B. Rustad: Drammens Sparebank gjennem 100 aar. bokhylla.no. Arvid Støver: Slekten Heidenrich. bokhylla.no. Harald Jarl Runde: Runde fyr. Selja Forlag 2017. Kr. Anker Olsen: Skipsfarts- og trelastbyen Drammen. bokhylla.no. Avismeldingar. Scanna aviser på nettsida bokhylla.no. Den norske los. Fleire utgåver, bokhylla.no. Div nettsider om slektene Wærner/Verner.

Personalopplysningar: digitalarkivet.no

Skifta etter Nille og Hans Leganger: Avskrifter. Sundtollen: Nettsida http://dietrich.soundtoll.nl