- Dette blir veldig spennande. Sparebank 1 er ein bank som har spennande planar og ambisjonar lokalt, noko eg ynskjer å ta del i, seier Karlsen til Vestlandsnytt.

Etter 10 år i rådgjeving bemanningsbransjen, er Karlsen no klar for nye utfordringar. Han har nemleg vorte handplukka av Sparebank 1 Søre Sunnmøre til å leie den lokale satsinga i Fosnavåg. Han tiltrer i stillinga 1.1.2019.

- Det at vi tilsett Henning Karlsen, og at vi etter kvart også skal bygge ut kontoret i Fosnavåg, er  bevis på at vi har sterke ambisjonar om å forankre oss lokalt, forklarar Andre Skotheim, banksjef for personmarknad i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Det skjer for tida endringar i organisasjonskartet til Sparebank 1, blant anna gjennom tilsetting av lokale avdelingssjefar. Det har vore Lillian Breivik som har hatt ansvaret for kontoret i Fosnavåg og Ulsteinvik. No tek Karlsen over leiarjobben for Fosnavåg. Breivik held fram i Ulsteinvik.

Stort nettverk

Vidare forklarar Skotheim kvifor valet har falt på Karlsen.

- Han er lokal og kjenner lokalområdet godt. Samstundes har han eit stor nettverk som vil vere spesielt verdifullt for oss som bank, seier Skotheim, og siktar spesielt inn mot bedriftsmarknaden der Sparebank 1 har som mål å etablere seg endå sterkare.

Karlsen, som er oppvaksen og bur i Herøy, har ikkje erfaring i bankbransjen frå før. Han har derimot utdanning frå BI innan økonomi og leiing. I tillegg tek han naturlegvis med seg mykje relevant erfaring frå rekrutteringsbransjen. Kommunikasjonsrådgjevar i banken, Veronica Kvalen Pilskog, er elles sikker på at overgangen vil gå smertefritt.

- Vi har eit godt kompetanseapparat som skal hjelpe Henning i overgangen til den nye stillinga.

- Ambisjonar om vekst

Avslutningsvis uttrykkar Karlsen at han kjem til å vere ein avdelingssjef med sterke lokale ambisjonar.

- Eg brenn for Herøy og Fosnavåg og har ambisjonar om vekst. Eg er veldig opptatt av at banken skal vere ein synleg medspelar i lokalsamfunnet. Vi skal opp og fram.