- No blir det avgang kvart 20. minutt mellom klokka 06.30 og 19.10 på kvardagane. Laurdag vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 07.30 og 19.30. På søndagane vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 10.30 og 21.30, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.

Fartøya vil óg bruke kortare tid mellom kaiene på Hareid og Sulesund, frå ca. 25 minutt til 23 minutt, vert det opplyst.

Større fartøy

- Alle tre fartøya som vil køyre på sambandet frå og med januar kan ta 120 bilar kvar, og i vinter vil det bli ein overgang mellom foreløpige fartøy og nye fartøy, fortel Fuglseth.

Det første nye fartøyet, M/F Hadarøy, vil vere i drift på sambandet frå 1. januar, det andre fartøyet, M/F Suløy, i løpet av februar og det tredje fartøyet, M/F Giskøy, i løpet av mars. Alle tre vil køyre på el i løpet av 2019.

Riksregulativet fortset

I den nye kontrakten er det tatt høgde for full innføring av Autopass på ferje, men dette vil likevel ikkje bli innført før i 2020. Som i dag, vil det bli billettert etter riksregulativet for ferjetakstar i 2019.

Fartøya blir ein del av tilbodet til FRAM

Fartøya på sambandet Hareid-Sulesund kjem til å bli ein viktig del av kollektivtilbodet til fylkeskommunen, kalla FRAM. Rutetider finn du på deira plattformar.