- Thelma har budd på ei lita øya så lenge ho kan hugse. Ho synest Voksa er ein god plass å bu med fin natur. Men ho saknar nokon å leike med som er like gamal som ho, og som bur så nær at ho enkelt kan gå på besøk.  No skal familien flytte til ein annan og større stad. Thelma tenkjer at det blir både trist og kjekt på ein gong, skriv NRK i ei pressemelding.

Thelma er ein av åtte barn som er med i den nye sesongen av NRK Super si dokumentarserie «Bli med heim».  Her får sjåarane møte barn som veks opp i ulike familiar, familiar som på ein spesiell måte påverkar korleis oppveksten til barna er.  I episoden om sandssokningen får sjåarane vere med ho i kvardagen på Voksa, både heime og på skulen.  Publikum får også vere med når ho pakkar, flyttar og når ho startar sin nye kvardag på Larsnes.

I tillegg til Thelma og familien er det elles fem familiar frå Nordfjord og to frå Sogn som får TV-tid.  –

- Målet med serien er å vise mangfald og gje kunnskap om det som er annleis. Men det er også viktig å vise at sjølv om noko er ulikt, så er kanskje det meste likt når barn veks opp, forklarar NRK.

Sesongpremiere 21. desember

Serien vert publisert 21. desember. Då vert åtte nye episodar lagt i NRK Super sin nettspelar. I tillegg vil det bli sendt ein episode kvar morgon i programmet Julemorgen på NRK Super.

Prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane Kjellrun Lavik seier serien er viktig for å vise kvardagen til norske barn slik dei lever i dag. Ho håpar også serien kan auke kunnskapen om mangfald.

Senderekkefølge:

Sendedato
21.12Gabriella Lund SolheimVågsøy
22.12Erica TrollebøVågsøy
23.12Ask ÅsebøVågsøy
25.12Andrea StrømmenBremanger
26.12Thelma SkareSande
27.12Mohaned SalehSogndal
28.12Sarah Elise HusevågVågsøy
29.12Hallvard E. HusumSogndal