Dette er det åttande Havyard-designet og det sjette vindmølleskipet som skal utrustast ved Havyard Ship Technology. Skipet er eit Havyard 831 L SOV-design. Det skal leverast til ESVAGT i fyrste kvartal 2021. Skipet skal i arbeid for vindkraftselskapet MHI Vestas og operere i havmølleparken Moray East på britisk sektor.

Veksande interesse

Gisle Vinjevoll Thrane, salsansvarleg i Havyard Design & Solutions, seier dei ser ein veksande interesse for offshore vindenergi både i Europa og i resten av verda. Vindparkane blir bygd stadig lenger frå kysten og behovet for spesialskip aukar. Havyard var blant dei fyrste med spesialbygde skip til offshore vindmølleparkar

-  I den marknaden er ESVAGT godt plassert, og gjennom det langvarige samarbeidet med dei har vi greidd å utvikle unike skip som innfrir krava både til vår kunde og deira oppdragsgivarar.