Det seier Knut Asle Goksøyr, utnemnd som talsmann for bebuarane. Han ser på dette som den andre milepålen på Runde, der Rundebrua var den første.

Pål Lukashaugen har vore Telenor sin prosjektleiar i Goksøyra, og han uttrykte glede over å endeleg tilby bebuarane betre dekning.

– Eg er stolt over at vi kan stå her i dag og tilby dekning til alle som oppheld seg i Goksøyra. Eg må få skryte av kommunen som har fått på plass mast, straum og hytte.

Intensjonsavtalen mellom Herøy kommune og Telenor var at om Herøy kommune får på plass mast, straum og hytte, skal Telenor ordne dekning. Telenor skal også betale dei årlege driftskostnadane til basestasjonen. Investeringa har ein kostnad på 1,8 mill. kroner.

– Eit viktig prosjekt

Ordførar Arnulf Goksøyr stod for den offisielle opninga, og også han ser på dette som eit spesielt viktig prosjekt.

– Det er godt å endeleg få dette prosjektet i hamn, det har vore viktig. God dekning er avgjerande for å sikre trygge oppvekst- og bu-forhold, sa ordføraren mellom anna.

Knut Asle Goksøyr er einig.

– Du kjem ingen veg utan mobildekning. Det er heilt avgjerande både for sikkerheit og i jobbsamanheng, seier han og omtalar ventetida som lang.

– Det har vore jobba med dette prosjektet i 18–20 år no.

Knut Asle Goksøyr fortel vidare om fleire vanskelege situasjonar som har vore som følgje av dekningsmangelen.

– Når vi har hatt redningsaksjonar i fjellet har vi vore nøydt til å springe rundt for å finne dekning. Vi har eigentleg vore kritiske til dei forskjellige teleselskapa, men no som Telenor har fått dette på plass skal eg vere den første til å bytte teleabonnement, seier Knut Asle.

– Må ha Telenor-abonnement

Foreløpig er det nemleg berre Telenor som nyttar seg av den nye masta som har teknologi til å gi 4G+.

– Det er derfor ei føresetnad at du har Telenor-abonnement om du vil ha tilgang, seier Lukashaugen. Men han opplyser også om at dei andre selskapa kan få tilgang om dei inngår dei nødvendige kontraktane med Telenor og Herøy kommune. Men det har dei ikkje gjort på noverande tidspunkt.

Lukashaugen kan elles fortelje at den nye masta sikrar god dekning langs kysten, og ca. 120 meter utover havet. I tillegg får turområdet på Runde god dekning.