Det er 33 varmegrader ein sommardag i Danmark. Kristoffer Nærø Ytterland og kona traskar sveitte rundt i ein skog av 200.000 juletre. I tur og orden peikar dei seg ut kva for nokre dei vil ha, og juletreseljaren Jens merkar av dei utvalde som skal til Noreg i desember. Etter litt om og men kring kor mange dei skal ha, einast dei om å bestille 100 tre, då dei vart litt ivrige. Eigentleg skulle dei berre ha 50 tre for å skape litt julestemning utanfor meirenntusenord-løa heime på Nærøya, men ja, sopass fine var no nordmannsgranene at dei bestemmer seg for å fleske til.

Fekk alt for mange

Fleire månadar seinare, nærare bestemt 11. desember, har semitraileren frå Danmark funne fram til rett adresse. Og de skal tru Ytterland får seg ein stuss då danskane byrjar å losse ut trea på marka hans.

– Eg trur vi skulle ha halde oss til engelsk då vi bestilte, for her hadde dei tydelegvis ikkje oppfatta heilt norsken, fleiper han då vi kjem innom for å sjå på storhendet.

Ikkje 100, iallfall ikkje 50, nei, 200 tre ligg i stablar på marka utanfor løa. Nokre fems og fjers feil der altså. Ytterland berre flirer ved tanken.

– Og eg som berre skulle selje litt for kosen sin skuld. Men men, folk her ute skal i alle fall ikkje slite med å få tak i juletre, fleiper han muntert.

Noko krise er det vel heller ikkje, konkluderer han. So lenge han går i null er ingen skade skjedd. Det er han faktisk nesten i ferd med å gjere i skrivande stund.

– Her blir det sal framover til eg er tom, om det i heile tatt skjer, fortel Ytterland, som også promoterer moglegheita for å ta ein tur innom meirenntusenord-løa, der det mellom anna skal vere konsert med Egil Olsen denne veka.

For ros frå «juletrekongen»

Elles kan det nemnast at trea til Ytterland allereie har hausta ros frå fleire hald. Vi kan til dømes nemne juletreentusiasten Terje Karlsen Wiik.

– Etter 29 sesongar der eg sjølv har selt juletre må eg seie meg mektig imponert over trea som Ytterland og familien har plukka ut. At han har fått so mange gjer vel eigentleg ikkje so masse heller, det er snarare ei god nyheit for alle som vil ha seg juletre, seier sandssokningen frå Hareid, som høveleg noko går under kallenamnet «juletrekongen».