Galleriet var fylt til randa, og mange publikumarar fann også plass på kyrkjegolvet då det blei invitert til ein stemningsfull julekonsert i Herøy kyrkje laurdag kveld. Dei frammøtte fekk vitne ei akustikk-rik kyrkje med dus og fargerik belysning. Like fargerikt var det også på programfronten. Konserten opna med høgtidsfulle juletonar frå arrangørane sjølve, Herøy Brass under leiing av sin nye dirigent Ines Vatne.

Lokale krefter

Etter ei stemningsfull opning tok Jens Terje Johnsen ordet. Han var kveldens konferansier, og losa oss gjennom eit variert program. Presten stod også for ei hjartevarm og levande høgtlesing av Juleevangeliet.

Etter å ha ønskt velkomen gav Johnsen over roret til den eminente, lokale operasongaren Maria Steinsvik. Ho imponerte med mektig song og høge tonar til tradisjonsrike julesongar. At denne dama har teke både bachelor og mastergrad i klassisk song, var ikkje vanskeleg å høyre.

I ryggen hadde ho Herøy sin tidlegare kantor Terje Tjervåg, som har spelt på orgelet i Herøy kyrkje i 14 år. Begge kom som tilreisande, men kjem ifrå Herøy. To musikarar som sjølv seier dei set pris på å jobbe saman på scena.

Tjervåg stilte også opp med fleire eigne arrangement som han spelte på orgelet som kler han som best.

På toppen av kransekaka fekk publikum lytte til eit musikalsk samarbeid mellom Herøy kyrkjekor og Sande Kantori.

Saman sørga heile denne kreative buketten av folk for ein stemningsrik konsert, med alt frå rolege og nedtona julesongar til storstilte og feststemte fellesnummer.

(Det er for tida stor aktivitet med julekonsertar i distriktet. Vi må be om forståing for at vi ikkje rekk over meir enn ein brøkdel. red. mrk.)