Prosjektet skal gi 21 nye leilegheiter ved innseglinga til Fosnavåg hamn på Vågsholmen. Dei har halde på sidan påske. No har vi gjort opp status på for prosjektet med Sindre Thorseth og Gunnar Gundersen i Vågsholmen AS, som står bak prosjektet.

Selskapet er eigd 50/50 av Prosjektbygg As og Eggesbø Eigedom As. Vi møtte Thorseth og Gundersen på allmenningskaia då dei var vitne til at ein innleigd, stor kranbåt heisa på plass dei 20 tonn tunge betongelementa til terrassane i leilegheitskomplekset.

– Etter ein litt forseinka start er vi litt på etterskot, men det er på ingen måte kritisk. Like etter jul er vi ferdige med taket. Vi byrjar på vindauga denne veka, og i månadsskifte januar/februar reknar vi med at vi kan byrje med å innreie, forklarar Thorseth.

Etter planen skal den fyrste bueininga, i delen nærast havet, vere klar tidleg på hausten. Deretter går det slag i slag, seier Sindre Thorseth.

Prosjektet har ein prislapp på 110 millionar kroner.

Jobbar med brua

Elles kan Gunnar Gundersen kom med ei gladnyheit om ein annan kritisk bit av byggeprosjektet. Planane om svingbar bru over den smalaste delen av hamneløpet, møter gode tilbakemeldingar frå alle instansar. Eit slikt samband har vist seg å vere svært viktig for folk som vurderer å etablere seg på Vågsholmen.

– Alt går som det skal med tanke på brua. Alle signal vi har fått i saksgongen er positive, men det er klart det byrjar å haste også her. Vi vil sjå for oss at ho truleg er på plass seint på sommaren, eller i alle fall til då dei fyrste flyttar inn, seier Gundersen.

Brua over sundet vil redusere gangavstanden mellom Vågsholmen og sentrum til 25 meter. Brua vil permanent bli liggande på Vågsholmen-sida, og svinge ut så snart nokon trykkar på ein knapp. Deretter går ho tilbake utgangspunktet. Sensorar skal sikre at båtar får prioritet, og om dette skulle svikte, vil brua i verste fall bli skuva bort av båtane.