Sjeldan har temperaturen vore høgare i Herøyhallen enn det som var tilfelle då opprykksjagande Bergsøy møtte opprykksrival HK-72 Sande. I ein jamn første omgang på resultattavla der ingen av laga fekk moglegheita til å stikke frå det andre, var det nok dei tøffe taka og dei mange protestane i retning dommarane som blir huska best. Mot slutten av omgangen klarte Bergsøy å skaffe seg eit lite forsprang, og leia 18–16 ved halvtid.

I andre omgang gjekk Bergsøy rett i angrep og tok kommandoen i kampen. Dei fekk tidleg ei 24-19-leiing og det såg ut til å gå mot ein klar heimesiger, men gjestane frå Vestfold hadde meir på lager. Dei kjempa seg etter kvart opp i ryggen på våre lokale handballherrar, og publikum byrja å bli nervøse. Det var difor særs viktig at Evaldas Grieze endeleg fekk stilt inn skotarmen i sluttminutta slik at heimelaget kunne juble for 34-30-siger og to svært viktige poeng. Og det var ikkje vanskeleg å sjå på spelarane at denne sigeren betyr meir enn dei fleste andre, for i dag måtte dei kjempe hardt.

– Det var tøft

Stortalentet Markus Buchardt var nok ein gong blant Bergsøys mest framståande spelarar, og trass sin unge alder var ikkje U-landslagsspelaren redd for å tøffe seg mot motstandarane.

– Nei, i dag sparte vi ikkje på noko. Vi ville verkeleg vinne denne kampen, og det var ampert ut på der. Men det er slik det skal vere i toppkampar, og no som vi vinn sit vi att med ein veldig god kjensle, seier Buchardt etter kampen.

Han scora åtte av Bergsøy sine mål denne kampen, der fem av dei kom frå straffemerket. Han hadde også to heller svake straffekast som enda med bom.

Dei lokale imponerte

Evaldas Grieze viste seg også fram i målprotokollen med sju scoringar, men toppscorar for Bergsøy i denne kampen blei Lars Erik Bøe. Herøyværingen leverte heile ti scoringar i denne kampen til stor applaus frå publikum. Bøe var rett og slett krutsterk både på streken og frå kantposisjon.

– Det var kjekt å spele i dag, ja. Dette er jo dei kampane vi vil spele, der mykje står på spel. Men heilt ærleg vi er dårlege i forsvar i dag og slepp inn 31 mål, det er alt for mykje, seier toppscoraren.

– Men dokke scorar også 34 mål, og du sjølv scorar som aldri før?

– Ja, det var herleg å få nokre scoringar i dag. Og 34 mål er bra, men som sagt vi måtte det når vi spelar so dårleg i forsvar, avsluttar Bøe.

Sjølv om det blei 31 baklengs leverte også ein anna herøyværing ein god kamp. Oddvar Johan Roseth hadde fleire viktige redningar mot slutten, og må få sin del av æra for sigeren.

– Ser lyst ut, men det var rufsete

Trenar Thomas Buchardt var middels fornøgd etter kampen.

– Vi tek med oss at vi scorar mykje mål, og vinn ein svært viktig kamp. Det ser lyst ut for vår del no. Men samtidig, vi slit også i dag i forsvar og vi slepp dei alt for lett til. Vi er ikkje gode nok i forsvar i dag, og då blir det heile litt rufsete for meg. Vi har framleis ting vi må bli betre på, summerer han opp.

Det som iallfall er sikkert er at Bergsøy no har festa eit solid grep om opprykksplassen som vil gi billett til den avgjerande opprykkskvalifiseringa. Av fire avdelingsvinnarar skal tre opp i 1. divisjon. HK-72 Sande verkar framleis å vere den tøffaste utfordraren all den tid Tjølling og Fyllingen ikkje kan rykke opp. Men også Sotra er med, tre poeng bak Bergsøy med like mange kampar spelt.

Bergsøy-herrane tek no juleferie, og skal ikkje i aksjon igjen før 20. januar då botnlaget Asker ventar på bortebane.