– Det er flott å sjå at så mange ville kome å vere med på dåp av «M/S Hovden Viking». Spesielt stas er det at vi får ha dåpen her på Larsnes.

Slik innleia dagleg leiar for Larsnes Mek. Verksted, Jarle Gunnarstein, talen i forkant av sjølve dåpshandlinga.

Ein tett relasjon

Gunnarstein fokuserte deretter på det nære forholdet mellom Larsnes Mek. Verksted og Hovden Senior.

– Faktisk trur eg dei har vore faste kundar her like lenge som eg har jobba på Larsnes Mek. Verksted. 27.12.1994 var ein merkedag for relasjonen mellom Hovden Senior AS og Larsnes Mek. Verksted. Denne dagen skreiv vi kontrakt på bygg 32 frå Larsnes Mek. «Hovden Senior» som var den første kontrakten i relasjonen mellom Larsnes Mek. og Hovden Senior AS. I 2005 skreiv vi ein ny kontrakt, denne gongen på båten som skulle bli den første «Hovden Viking». Den hadde ei lengde på 27,48 m og ei breidde på 9, 25 m, sa Gunnarstein.

Nye «Hovden Viking»

– Den tredje kontrakten blei som den første underteikna i romjula, 30.12.2016 på hytta hans Rune (Hovden) i Stryn. Dette skulle bli vårt bygg 61, og den andre «Hovden Viking» med Rolls-Royce design. Skroget kom til Larsnes i byrjinga av juli i år, og etter fire månader med utrusting er vi no klare til dåp. Og vi ser jo at det har blitt ein prektig skute, avslutta han.

Den nye «Hovden Viking» har ei lengde på 46 meter og ei breidde på 12 m. Båten skal fiske pelagisk (både sild og makrell), og er rigga for føring av levande torsk, kvitfisk-sei i bulk, og kvitfisk isa i kar. Båten er også lett å rigge for tråling.

– Resultatet taler for seg sjølv

Styreleiar i Hovden Senior AS, Rune Hovden, seier valet av byggherre var enkelt.

– Du ser vel sjølv kor fint det er her, resultatet taler for seg sjølv. Vi veit kva vi får med Larsnes Mek. Vi kallar det berre for Larsnes-standard, sa Hovden i ein kort kommentar til Vestlandsnytt. Det var nemleg ikkje reint få som ville gratulere han med den nye båten.

Det var også barnebarnet til Hovden, Andrea Hovden, som fekk det ærefulle oppdraget med å sleppe sjampanjeflaska inn i skutesida og offisielt døype båten. Dåpsfeiringa baud elles på kake, musikk frå Varden og høve til å ta seg ein tur om bord i båten.