FAU ved Stokkskund og Leikanger skular har ikkje fått seie si meining om at bassenget i Stokksund ikkje skal driftast neste år. Det er noko FAU-leiarane reagerer på

Vi ber om ei grunngjeving av kvifor vi ikkje har fått høve til å uttale oss, skriv FAU-leiarane Linn Nærø (Stokksund) og Elisabeth Pettersen Jøsok (Leikanger) i eit brev til ordføraren.

I brevet til ordføraren kjem FAU-leiarane med følgjande spørsmål dei gjerne vil ha svar på.

Korleis vil det løne seg å transportere ungane til Sunnmørsbadet for symjeundervising der, framfor å halde fram med symjetrening på Stokksund?

Vil kostnadene med transport for Sokksund og Leikanger bli så mykje lågare enn å varme opp bassenget?

Vil tida brukt på transport gå utover tid brukt på undervising og/eller friminutt?

FAU-leiarane ønskjer òg å få vite kor mange timar med symjing klassene vil få neste år, og om elevane i indre får like mange timar som dei i ytre.

FAU-leiarane viser til at det er tildelt to dagar på Sunnmørsbadet for 55 barne- og ungdomsskuleklassar i kommunen.