Dette er konklusjonen i ein fersk Sintef-rapport som slår fast at fiskeflåten blir stadig viktigare for Norge.

– Her stadfestar forskarane det same som vi hevdar, nemleg at det ikkje er behov for noko ekstra skattlegging av fiskeflåten i form av ressursrenteskatt. Denne skatten er allereie betalt så det held i form av ringverknader til lokalsamfunna, seier ringnotskipper Arve Myklebust som også er ordførar i representantskapen i Pelagisk forening.

28.000 årsverk

I den ferske rapporten slår Sintef fast at det årleg blir skapt rundt 28.000 årsverk i den fiskeribaserte verdikjeda, der fangstleddet og foredling bidreg med ein tredel kvar. Den siste tredelen er ringverknader av fiskerinæringa sin aktivitet på sjø og land.

Ifylgje Sintef utgjer dette ein vekst i antal årsverk på 12,3 prosent frå 2014 til 2017. Kvart årsverk i fiske og fangst genererer 2,15 årsverk i resten av den fiskeribaserte verdikjeda når ringverknadene er medrekna.

Store ringverknader

Spesialrådgjevar Ulf Winther i Sintef Ocean seier det slik i ei pressemelding i høve framlegginga av rapporten:

– Eit årsverk i kjerneleddet i fiskerinæringa skaper noko over to årsverk i tilknytta næringar i form av ringverknader hos leverandørane til fiskerinæringa. Det er god aktivitet hos mange leverandørar, ikkje minsst fordi det for tida skjer ei fornying av fiskeflåten, som skaper aktivitet hos designselskap, verft og underleverandørar til desse.

– Det betyr at til dømes ein båt som Leinebjørn, med eit mannskap på femten, sysselset til saman 45 personar, slår Myklebust fast.

– Vi reparerer vegn, leverer fangstar og kjøper ulike typar tenester langs heile norskekysten, legg Leinebjørn-skipperen til.

Han meiner det er god grunn til å spørje om kva Fosnavåg hadde vore om ikkje det var for fiskeriaktiviteten på hamna.

Ressursrente i praksis

Sintef-rapporten må sjåast på som ei stadfesting av Myklebust sin bodskap til næringspolitikarane på Stortinget då dei besøkte Herøy tidlegare i år.

Her fekk næringskomiteen ei motvekt til dei som hevdar at ei ressursrenteskattlegging i alle fall må differensierast mellom hav og kyst, fordi kyst bidreg på ein heilt annan måte til samfunnet enn det havfiskeflåten gjer.

For å tydeleggjere poenget sitt tok Myklebust fram DNB sin ringverknadskalkulator og kom med fylgjande konklusjon: Herøyflåten fiska i 2017 for nær 1,4 milliardar kroner, noko som tilsvarar mellom 500 og 750 millionar i skatt. Dette er verdiar som utgjer rundt 500 lærarar, 200 sjukepleiarar, 300 årsverk i politiet og 300 foreldrepermisjonar.

– Om ikkje dette er ressursrente i praksis så veit ikkje eg, seier Myklebust og trykkjer Sintef-rapporten til sitt fiskarbryst.

Stolt av å vere med

Myklebust seier han som ringnotfiskar er stolt av å vere med på denne verdiskapinga på kysten.

– Dette er vi i Herøy til fulle med på fordi vi har ein så stor og differensiert fiskeflåte, med ein lokal eigarskap som kjenner ansvaret sitt i forhold til lokalmiljø, understrekar han.

Nærmar seg 100 milliardar

Sintef-rapporten slår fast at den samla verdiskapinga i norsk sjømatnæring nærmar seg hundre milliardar kroner. Dei ti siste åra har ringverknadene åleine dobla seg, og leverandørindustrien står no for ei verdiskaping på over 30 milliardar kroner.