– Det er både kjekt og spennande å levere noko som i så stor grad angår så mange sin kvardag, seier konsernsjef i Havyard Group, Geir Johan Bakke, i ei pressemelding.

I fjor reiste nesten 850.000 køyretøy med ferjesambandet Hareid-Sulesund.

Ferja, som blir overlevert i dag (fredag) til Fjord1, er eit Havyard 936-design og den fyrste av tre nye ferjer som kjem utover vinteren på strekninga. Det er også den fyrste av ei rekke på tolv ferjer der Havyard Group både leverer design, framdrift, bruløysingar og bygger ferja.

Bakke er stolt av at ferjene tek i bruk totalkompetansen dei har i konsernet og samspelet mellom design-, elektro og verftsmiljø.

– På denne måten har vi greidd å utvikle ferje med ekstremt lågt energiforbruk.

Havyard Ship Technology har allereie levert fleire batteriferjer og no kjem desse tolv batteriferjene som er komplette Havyardprodukt.

– Slik blir Havyard den største og leiande aktøren innan det grøne skiftet på norske fjordar, og dermed også i verda, skriv selskapet i pressemeldinga.

Energieffektiv

Leiar for Havyard Design & Solutions, Stig Magne Espeseth, fortel at dei har optimalisert skroget opp mot kvar ferja skal gå og korleis den skal brukast. Dette gir ferjene «ekstremt lågt energiforbruk». På ei vanleg overfart brukar ferja berre batteri, og om dei eventuelt må bruke backup-energi, so blir det brukt biodiesel. I tillegg har ferja verktøy som gir mannskapet god kontroll når det gjeld energibruk.