Det er oppmodinga frå Redningsselskapet, som nok ein gong gir norske bedrifter høve til å vere med på dugnaden for ein trygg kyst med å kjøpe nautiske mil til si lokale redningsskøyte.

Å drifte ei redningsskøyte i ei nautisk mil kostar i snitt 500 kroner, og bedriftene her i fylket har vore flinke til å støtte sine redningsskøyter gjennom den landsomfattande dugnaden. Resultatet så langt i år er på om lag 5,3 millionar kroner, noko som tilsvarar 10.600 nautiske mil. Dette resultatet plasserer Møre og Romsdal heilt i toppen av dugnadslista (sjå www.nautiskmil.no).

Med å gå inn på heimesida kan ein både vere med på dugnaden, og få ei oversikt både over kven som har kjøpt og kor mange nautiske mil dei ulike skøytene har fått sponsa.

Statistikken viser at til no i år har RS Idar Ulstein fått sponsa 1632 nautiske mil, noko som gir ein niandeplass på landsoversikta. RS Det norske Veritas, stasjonert i Ålesund, toppar landsoversikta med 2.958 kjøpte mil.