Nokre av tiltaka er fullførte, men har ikkje fått alle spelemidlane. Andre tiltak på lista kan ligge berre på planstadiet.

Innanfor ordinære idrettsanlegg finn vi desse: Kunstgrasbane Gursken, idrettshall Gursken, utviding av klubbhus LIL, kunstgrasbane KIL, fleirbrukshall LIL, steg 2, utviding av klubbhus SIL, oppgradering KGB, Gursken, utviding KGB, Larsnes, isbane, LIL, klatrevegg LIL og sykkelbane LIL.

Nærmiljøanlegg: Sandvolleyballbane SIL, tursti Larsnes grendelag/LIL, tur- og aktivitetsløype SIL, sanitærhus LIL, badestamp/grillhytte Kvamsøy, skatepark Hallelia og tursti Gjerdsvika.

Det er også fleire andre føreslegne tiltak innan kategorien nærmiljøanlegg:

Tursti Kvamsøy, gapahuk Gjerdsvika IL, turveg klubbhuset-Myravatnet Kvamsøy, leikeplass Breivikneset, tursti Saudedalen/Vasstranda, tursti Larsneset-Skitnevika, steintrapp Veteskaret, LIL, tursti Halleosen-Larsnesskogen LIL og ein aktivitetspark, også det i regi av Larsnes IL.