Sjølv om adventstida kan vere stressande, møtte sandssokningane opp og fylte Larsnes kyrkje då kulturskuleelevane baud inn til adventskonsert.

På programmet stod fleire av dei mest tradisjonsrike julesongane, samt ein del meir moderne julemusikk på både norsk og engelsk.

Frå scena fekk vi levert flotte prestasjonar både frå vokalistane og dei som spelte på ulike instrument.

Avslutningsvis fekk vi høyre to versjonar av «En stjerne skinner i natt», og her fekk også publikum ta del. Julestemninga sat godt i veggane i Larsnes kyrkje på dette tidspunktet.