Handballherrane til Bergsøy tek imot HK72-Sande til toppkamp i Herøyhallen på laurdag. Laga ligg som nummer to og tre på tabellen, men førsteplasserte Tjølling kan ikkje rykke opp. Det er difor ein skikkeleg opprykkskamp vi blir vitne til i herrane sin siste kamp i 2018. Då laga møttest i Vestfold vann Bergsøy 26-22, men det er også den einaste kampen laurdagens motstandar har tapt.