Det blir rekordstor utbetaling til idretten i kompensasjon for vare- og tenestemoms for 2018. Totalt får norsk idrett utbetalt over ein halv milliard kroner basert på rekneskapsåret 2017.

Idrettslaga får 377 millionar kroner til fordeling, som er vel 24 mill. kroner meir enn dei fekk i fjor.

Bergsøy idrettslag er mellom dei som får mest her i fylket med 317.524 kroner. Berre seks idrettslag får meir enn Bergsøy, og aller mest får Molde fotballklubb med 563.880 kroner. Deretter kjem idrettslaga Hødd, Blindheim, Volda, Aalesund Fk og Ørsta.

Til saman får idrettslaga i Herøy 410.804 kroner, med slik fordeling: Bergsøy IL 317.524, Tjørvåg IL 44.314, Moltustranda IL 17.644, Gurskøy IL 11.844, Herøy kajakklubb 9.546, Herøy dykkerklubb 5.532 og Ytre Søre Sunnmøre symjeklubb 4.360 kroner.

Seks idrettslag i Sande får til saman 171.076. Her toppar Larsnes IL med 57.343 kroner, etterfølgd av Larsnes/Gursken FK 41.823, Gjerdsvika IL 26.474, Gursken IL 21.318, Kvamsøy IL 15.469 og Sandsøy IL 8.469 kroner.

– Dette er sjølvsagt gode tal, men vi kan likevel ikkje vere nøgde så lenge ordninga ikkje dekkjer hundre prosent. Då blir løypemaskinene til hotellet og kommunen billegare enn den idrettslaget må kjøpe, seier idrettspresident Tom Tvedt i ei pressemelding.