– Dette kom som ei kjempeoverrasking og ei stor glede.

Det seier initiativtakarane bak velgjerdsorganisasjonen «Klede til Glede» Malene Wolden, Lisa Leinebø Pinheiro og Anita Reite Onen. Torsdag ettermiddag fekk dei nemleg ei stor julegåve på forskot frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, ein pengesum på 10.000 kroner. Dette er ein betydeleg sum for byttestasjonen for brukte kleder og leiker kjellaren til Herøy kyrkje.

– Større pågang enn tidlegare

Denne pengegåva kunne ikkje kome på eit meir passande tidspunkt fortel damene. På laurdag er det nemleg tid for deira årlege jule-aksjon «Juleglede», der gjengen samlar inn og delar ut mat og julegåver til folk som treng det. Som damene sjølv seier, det kan vere vanskeleg å strekke til, spesielt i jula.

– Vi opplev meir pågang til årets arrangement enn kva vi har gjort nokon gong. Det betyr ikkje nødvendigvis at det er fleire som treng hjelp i jule tida, snarare at det er fleire som får kjennskap til tilbodet. Uansett kjem denne gåva godt med og vi har allereie brukt pengane til å handle inn mat og julegåver til folk som har bede om hjelp denne jula. Vi er svært takksame ovanfor Sparebank 1, fortel Pinheiro, Wolden og Onen.

– Famnar om mange

– No i desember har Sparebank 1 valt støtte gode formål og kalla denne satsinga for julespleis. Alle dei lokale bankane har blitt oppmoda til å velje ut gode Spleis-aksjonar i lokalområda sine, og vi har deretter valt ut to aksjonar som får 10.000 kroner kvar. Den andre på Søre Sunnmøre blir avslørt neste veke, seier informasjon og kommunikasjonsrådgjevar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Veronika Kvalen Pilskog.

Lasse Myrhol frå lokalkontoret i Fosnavåg forklarar kvifor akkurat «Klede til Glede» får støtte.

– Vi har fått inn mange gode spleis-aksjonar, men denne aksjonen skil seg ut då den femnar om så mange. Spesielt i ei tid der det er vanskeleg å strekke til økonomisk. Dette er vi glade for å kunne hjelpe til med. Dette er eit flott initiativ, seier Myrhol.

Han oppmodar også at andre blir merksame på dette tilbodet, og at dei som har moglegheit til det kanskje også bidreg til Juleglede-arrangementet no på laurdag.

– Vi treng all slags mat, og gåver til barn og vaksne i alle aldrar. Som sagt, vi har mange på mottakslista for i år, så vi håpar fleire vil dele slik at vi kan nå flest mogleg for å saman kunne glede nokon som treng det til jul, avsluttar Pinheiro