– Vi vil meddele Herøy kommune at vi ikkje lenger har kapasitet til å prioritere vår planlagde etablering av pelagisk fiskemottak på Mjølstaneset.

Med denne grunngivinga har Sigurd Teige meldt frå til kommunen at han ikkje lenger har bruk for tomta han for eit par år sidan fekk reservert på industriområdet.

Stor tomt

Kommunen har reservert heile tomteområdet som er ledig innover Frøystadvågen til Teige sine planar om å etablere eit stort mottaks- og foredlingsanlegg for pelagiske fiskeslag på Mjølstaneset.

Også Global Fish og Dahl-familien i Bodø har vore med på prosjektet som skulle vere nyskapande mellom anna med tanke på bruk av foredlingsteknologi.

Håper på andre

– Tomta er ledig, og no får vi berre håpe det opnar seg andre dører.

Det seier ordførar Arnulf Goksøyr, som synest det er veldig synd at det ikkje kjem eit moderne pelagisk anlegg på Mjølstaneset slik Teige hadde planar om.

– Vi håper det kan kome andre spennande konsept der nede, for vi har brukt mykje pengar på tilrettelegging, legg Goksøyr til.

Bør stå ved lag

Når det gjeld kaiene må det ifylgje ordføraren takast ein runde, mellom anna med dei andre brukarane av industriområdet, før ein stakar ut vegen vidare.

– Spørsmålet blir no om vi skal bygge kaiene for å drage til oss aktivitet, eller vente til det melder seg eit konkret behov, seier Goksøyr.

Han meiner søknaden om statleg medverknad må stå ved lag, men med ei omformulering med tanke på at behovet dei til no har basert søknaden på ikkje lenger er til stades.