– Vi skal bruke pengane på sentrale område i Fosnavåg som parken, den planlagde solparken og eventuelt paviljongen på Allmenningen så langt pengane strekk til, seier rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Herøy er ein av 34 norske kommunar, og den einaste i Møre og Romsdal, som blir med på den fyrste tildelinga av EU-midlar til å styrke internettilgangen på offentlege område rundt om i Europa. Tilskotet skal gå til å dekkje kostnader knytt til utstyr og utbygging av offentlege Wi-Fi-soner, heiter det i ei pressemelding frå NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit).

Høg kvalitet

Tilskotet vil bidra til gratis internettilgang av høg kvalitet til innbyggjarar og besøkande i sentrale delar av kommunane som parkar, møteplassar, bibliotek, turistområde og offentlege bygningar.

Ifylgje Kopperstad skal utstyret ha stor nok kapasitet til at eit femtitals brukarar kan vere pålogga samtidig, utan at det går ut over kvaliteten.

Fyrst til mølla

Herøy blir ein av 2800 europeiske kommunar som får slik støtte i denne omgangen. EU-støtta blir tildelt gjennom «fyrste mann til mølla»-prinsippet, og 7. november klokka 13.00 sat 13.000 førehandsregistrerte kommunar klare til å trykke på søknadsknappen. Av 154 norske kommunar som registrerte seg, var Herøy ein av dei 34 som kom med.

Norge har dermed fått størst utbyte av dei nordiske landa. I Sverige får til dømes 20 kommunar tilsvarande støtte, medan 15 danske og like mange finske kommunar har kome med.

EU vil fram til 2020 investere 120 millionar euro med mål om å finansiere Wi-Fi-soner i minst 6000–8000 kommunar i Europa. Dei som ikkje tok imot støtte denne gongen kan søkje igjen ved neste høve.

På plass til sommaren

Kopperstad vil seie seg glad for tildelinga, og reknar med at utstyret vil vere kome på plass allereie før sommaren.

– Fyrst må vi få gjort nokre avklaringar i forhold til kven som skal veljast ut til å levere utstyret. Dette vil truleg bli gjort gjennom ein konkurranse mellom lokale leverandørar av slikt utstyr, seier han.