Dei folkevalde i Herøy har vore både overraska over og nysgjerrige på den store auken i sosialhjelpsutbetalingar i Herøy det siste året. I årets siste kommunestyremøte orienterte Herøy sin NAV-leiar Jarle Stordal om kvifor auken har blitt so stor som han har blitt.

Ei hardare line

Stordal innleia med å seie at pengane stort sett går til livsopphald. Han trekte då fram utgifter til barnehage, SFO, straum, husleige, forsikring og kommunale avgifter. Før han la fram årsakene til auken:

– Innstramming av regelverk for arbeidsavklaringspengar.

– Avslag på søknad uføre.

– Brukt opp retten til dagpengar.

– Skilsmisse/samlivsbrot.

– Permisjon frå introduksjonsprogrammet.

– Familiegjenforeining.

– Mangel på kommunal bustad/ naudbustad.

– Kraftselskapet køyrer ei hardare line i forhold til avstenging av straum.

Slik vil dei redusere utgiftene

Stordal hadde også kome fram til konkrete tiltak dei har fokus på for å få ned sosialhjelpa. Viktigast er ein meir målretta bruk av arbeidsretta tiltak både gjennom stat og kommune. Dei har og planar om å styrke kontorets sosialfaglege kompetanse, blant anna fordi dei vil bli betre på opplysing, råd, og rettleiing.

I Herøy vil dei også vidareføre lågterskeltilbodet «Klekkeriet», samt at dei nyleg har etablert eit nytt lågterskeltilbod i «Utsikten». Dette tilbodet har allereie fått to personar i jobb, opplyste NAV-leiaren. NAV skal også arrangere kurs i privatøkonomi for sine brukarar.

Herøy betaler nest best

Stordal fortalde også at Herøy er den kommunen i fylket som betaler nest mest, med rundt 38.000 kr i snitt per brukar. Det er berre Ulstein som betalar høgare beløp. I Herøy er det 62 personar som har sosialstønaden som si viktigaste inntekt.

– På den positive sida har talet på brukarar under 30 år med sosialstønad som viktigaste inntekt blitt redusert, noko som betyr at NAV har blitt flinkare til å aktivisere dei yngste, sa Stordal.

Meir urovekkjande er det at det har vore ei stadig auke i talet på personar som får stønad sidan 2011. Berre i 2018 har talet auka med 60 nye personar.