Det har vore knytt store forventningar blant dei folkevalde i Herøy i forkant av Nørves besøk. Blant anna uttalte ordførar Arnulf Goksøyr (H) i førre formannskapsmøte at dei var i ferd med å gjere han til ein «Messias». Difor blei nok Andreas Nørves innleiing av det overraskande slaget.

– Eg tok over som økonomisjef i Vanylven i 2010, sjølv om eg ikkje er økonom. Eg sende oss rett inn på ROBEK, sa han.

Likevel kunne Nørve opplyse at han er ein røynd mann når det gjeld å halde slike orienteringar. Han har vore fleire plassar det siste året, seinast i Lom.

Nørve ser også fellestrekk mellom Herøy og Vanylven.

– Eg veit at dokke er den fattigaste kommunen i landet, men vi er der nede vi og. Faktisk blir vi samanlikna med Karasjok. Elles er den største forskjellen folketalet, sa Nørve.

Slik snudde det

I 2011 begynte Vanylven å leggje ned skular. Men det gav ikkje resultat før det var gått 2–3 år. Då var det heller ei anna endring som skulle få resultat.

– Vi hadde lagt Kommunekompasset i ei skuffe, men så byrja vi å bli bevisste på det. Det resulterte i at vi laga ein utviklingsstrategi for å sjå om vi klarte å utvikle oss. Når vi slutta å sjå på økonomien blei økonomien betre. Vi såg då heller på tenestene, og korleis vi kan utvikle dei. Slik blei resultatet betre, fortalde Nørve.

Det gode resultatet slår ut positivt no.

– Tysdag kunne kommunestyret dele ut 1,2 mill. kr til grendelaga i kommunen.

– Det store løftet

Han fortalde også kva som er drivkrafta til dei forskjellige sektorane i kommunen.

– Om ein sektor har eit mindreforbruk blir budsjettet året etter auka med tilsvarande sum. Dette blei ei drivkraft, og då kom det store løftet. Dei forskjellige sektorane har no pengar på fond, og har då moglegheita til å finansiere ting på eige fond, sa Nørve.

– Kan ikkje stoppe opp

Nørve fortalde deretter at Vanylven tek seg tid til å gjere mange analysar sjølve, slik at dei kan legge ein plan for korleis dei skal lykkast.

– Vi kan ikkje stoppe opp sjølv om vi har fått resultat. Håpet er at vi skal kunne fornye oss utan å låne. Vi vil blant anna ha ein ny skule, sa han vidare.

Nørve fremja at Vanylven ikkje har eigedomsskatt, og at dei vil klare å unngå det om dei har ein plan.

– Vi ligg på direktestyring, men vi vil over på plan. Når du har kontroll på økonomi blir neste steg å legge ein plan. Deretter må målet vere å sikre ei god leiing. God leiing er basert på tillit, og når det blir meir tillit blir det også mindre detaljstyring, råda Nørve.

Hovudbodskapen til Nørve er at ein må byrje på nye prosessar sjølv om ein er midt i ein anna prosess. Er kommunen på direktestyring, må ein starte planprosessen. Det er slik Vanylven har lykkast. Samtidig er det viktig å framleis ha kontroll på styringa, sjølv om ein prøver å bli betre på plan eller leiing.

Det siste oppfatta varaordførar Camilla Storøy (KrF) som spesielt viktig.

– Du har sagt mykje fornuftig, Nørve. Men det beste av alt er dette med at vi må tenke før, at vi må starte å endre på ting før vi må endre, sa Storøy.

– For mykje administrasjon

Nørve nytta også høvet til å slå eit slag for digitalisering.

– Det er for mykje administrasjon. Vi må gjere tiltak slik at vi kan kutte i tilsette, og digitaliseringa er viktig. Blant anna trur eg ikkje at vi kjem til å ha folk på økonomi- og lønskontor om fem år, sa Nørve.

Han la til at Vanylven har fått ned nokre årsverk takka vere digitaliseringstiltak.