– Dette blir fyrste gongen eg arrangerer ein konsert der eg også sjølv står i sentrum av det heile. Det gjer det sjølvsagt ekstra spennande, men eg satsar på at det går bra.

Det seier Torine Gundersen det faktum at ho, saman med klassekamerat og musikar Thomas Frekøy Skeide, arrangerer ein eigen julekonsert på Runde no til helga.

Gundersen skal synge og Skeide skal spele piano. Begge dei to ungdomane kan skilte med mykje erfaring frå scena. Torine er elev hos Elise Nærø og har sunge på fleire arrangement i samband med det. Skeide har vore omtala i lokalavisa mange gangar i høve forskjellige kulturarrangement i kommunen, spesielt UKM der har representert kommunen på fylkesnivå fleire gongar.

Tradisjonell julemusikk

Konserten er ifølgje 18-åringen sett saman av tradisjonelle julesongar, spesielt dei songane som ho sjølv knyter til jul.

– Det har vore veldig vanskeleg å velje ut kva låtar eg skal framføre, men eg håpar at dei eg har valt ut gir like mykje julestemning til publikum som dei gjer til meg sjølv, seier ho.

Ho nemner julesongane «Her kjem me, dine arme små» og «Mitt hjarte alltid vankar» som døme frå kveldens repertoar.

– Fantastisk akustikk

Bedehuset på Runde er valt av både personlege og tekniske grunnar.

– For det fyrste har rommet der ein fantastisk akustikk som passar fint for stemninga eg ynskjer å skape. For det andre er dette plassen der eg på mange måtar fekk mitt fyrste møte med musikken. Det ligg derfor ein del julestemning i huset for min del, seier Torine.

Nervøs

Torine fortel at ho alltid har hatt nervar når ho står på ei scene, men at ho etter kvart har lært seg å handtere nervane betre.

– Men denne gonger er eg nok ekstra nervøs. Det er litt spesielt å skulle gjere det i heimbygda, og stå for heile konserten sjølv.

Ho er elles spent på kor mange som tek turen. Det har vore god respons på arrangement-sida hennar på Facebook, og ho er tydeleg på at alle er hjarteleg velkomne til konserten.