Utgangspunktet var søknaden frå Larsnes IL om spelemidlar til eit mindre sanitærhus på Larsnes.

– Eg finn det vanskeleg å stemme ja, då det er eit mellomverande mellom søkjaren og Sande kommune, innleia Inge-Jonny Hide (H).

Dermed var rabalderet igang.

Trond Torset (Ap) sa det føreligg ein avtale mellom Larsnes IL og Sande kommune på bruken av Larsneshallen.

– Pengane ligg i botnen. Eg reknar med ordføraren kan orientere om dette, sa Torset.

– Strekte oss langt

Ordførar Dag Vaagen (H) tok ei kort oppsummering på saka om finansiering av Larsneshallen, der kommunen som kjent påpeika manglande finansiering frå LIL si side.

– Det enda med eit kommunestyrevedtak og ein avtale med Larsnes IL om at laget skal betale 1,5 mill. kr meir i finansieringa, i ei sak der kommunen «rabatterte» og strekte seg langt, sa Vaagen.

Han la til:

– No har revisjonen stilt spørjeteikn ved bruken av hallen, som i tråd med regelementet for spelemidlar skal vere til «allmenne føremål». Dette må vi forhalde oss til, sa Vaagen.

Torset sa han ikkje skjøna korleis kommunen kan kople saka om Larsneshallen med ei sak om spelemidlar.

– Larsnes IL ynskjer eit klubblokale i hallen, påpeika Torset.

– Dette går på prinsipp, sa Inge-Jonny Hide, som meinte den manglande innbetalinga frå LIL si side er å rekne som avtalebrot.

– Denne saka kjende eg ikkje til. Var det dette vi skulle lage styr av i dag? Vi har pinade så mykje anna å krangle om, sa Camilla Auflem Vik, som deretter beklaga ordbruken.

Både Bjørn Flatøy (Sande vest) og Anker Hagen (Sp) meinte dette ikkje var noko å lage noko styr av. Hagen kalla oppstyret «bygdastrid».

Rådmannen stadfesta

Rådmann Indregård kunne på si side stadfeste ordføraren sine opplysingar om at det ligg ei «sak» på dette i skatterevisjonen for tida.

Etter det Vestlandsnytt skjønar, kjenner LIL seg skilnadsbehandla i høve til liknande avtalar andre stadar i kommunen - viss laget ikkje får ønskjelege bruksrettar til hallen. Pengane har LIL klare til utbetaling når alle formalitetar er på plass.

Høgre tok eit langt gruppemøte om saka, og det heile enda med samrøystes grønt lys for søknaden om spelemidlar til sanitærhuset.

– Men i alle andre samanhengar har slikt samarbeid gått ryddig og greitt mellom kommunen og søkjarane. Det håpar eg saka endar med også når det gjeld fleirbrukshallen på Larsnes. Eit ord er eit ord, avrunda ordførar Vaagen.