Tidlegare i haust skreiv vi om hjartepasienten Petter Bjarne Nygjerde som var redd for å bli isolert i huset sitt på Nygjerde på Moltu. Vegen opp Moltudalen var tydeleg sliten, og Nygjerde målte seg fram til at det var 10,5 cm høgdeforskjell mellom midten og sidespora.

– Eg var rett og slett redd for å bu heime, og vurderte å flytte til Ulsteinvik, seier Nygjerde.

Nygjerde tok kontakt med både kommunen og lokalavisa, og han fekk også slektningar til å kontakte kommunen. Til slutt valde Nygjerde å ta ein telefon til kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller, om saka.

– Eg fortalde Møller om hjartesjukdomen, og kor vanskeleg det var å ta seg fram her. Han innrømma at dei ikkje var klar over kor kritisk stoda her var, fortel Nygjerde.

Tok det opp i kommunestyret

Då Tine Storøy (Høgre) la fram posisjonspartia sitt budsjettforslag for kommunestyret førre veke, var Nygjerdevegen med.

– Vi har fått eit innspel om Nygjerdevegen på Moltu. Den er i svært dårleg stand, og det er mange som har kome med innspel, blant anna brøytarane. Vi vil difor legge den inn på anleggsbudsjettet i 2019, sa Storøy.

Også Ole Brubakk (KrF) var oppteken av vegen.

– Vi er nøydde til å legge til rette slik at dei får brøyte der, sa han.

Då saka skulle stemmast over røysta alle med unntak av Arbeidarpartiet sine representantar for forslaget. Løyvinga er på 300 000 kroner.

– Den største gleda man kan få

Petter Bjarne Nygjerde er storfornøgd når han får fortalt kva som blei sagt i kommunestyremøtet.

– Det var veldig flott gjort av Tine. Eg må få sende ho ei julehelsing, seier Nygjerde, som legg til at 300 000 kroner er ein fantastisk sum, og nok til at dei kan få gjort ei skikkeleg oppgradering av vegen.

Nygjerde fekk sjølv vite nyheita måndag, då kommunekontoret ringde for å fortelje han siste nytt.

– Det var ein god julebodskap. Det er ikkje ofte ein får slike bodskap, det er den største gleda man kan få, seier Nygjerde.

Nygjerde fortel at han har følt seg som ein bygdetulling, men at han meiner bekymringa har vore rettkomen.

– Det har vore ei belastning, eg har tenkt på det kvar natt. No skal det bli godt å slappe av og vite at alle kjem fram, seier han.

Skal byrje umiddelbart

Nygjerde fortel at han av kommunen har blitt fortalt at arbeidet vil starte i løpet av kort tid. Kanskje allereie komande veke.

– Dei skal gjere grøftene reine, sage ned tre og ta av litt på toppen no i starten. Dei skal også fylle inn i grøftene og legge på ein armeringsduk, seier Nygjerde.

Han er glad for at tiltak blir sett inn allereie no.

– Det er sjølvsagt ingen som vil køyre på slike vegar, og det er som regel i dårleg ver, slik som det vi har no at ulykkene skjer, seier Nygjerde.

Men no blir det altso sett inn tiltak slik at Nygjerde kan halde fram med å bu trygt i heimen sin på Nygjerde på Moltu.