Dei folkevalde og administrasjonen i Herøy kommune står overfor tøffe kutt i drifta når dei skal forsøke å sikre balanse mellom inntekter og utgifter.

Etter at Arbeidarpartiet sine representantar var dei einaste som støtta rådmannens forslag om å innhente ekstern kompetanse, er det berre Vanylvsrådmann Andreas Chr. Nørve som får kome med råd. Han gjestar Herøy rådhus og årets siste formannskapsmøte onsdag.

– Eg ville ha ekstern bistand, i form av ein prosjektleiar. No legg vi opp til at rådmannen saman med kommunalsjefane skal finne kutta. Og det trur eg at vi skal klare i samarbeid med formannskapet, men det vil gå på kostnad av andre oppgåver. No ser det ut som formannskapet ventar til etter neste møtet, vi får sjå kva slags inspirasjon vi får der, sa Herøy-rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

– Nørve har gjennomført eit slikt prosjekt i Vanylven, og klart å spare inn 18 mill. kroner. Når nokon har lykkast med noko, er det verdt å lytte. Det blir kjekt å få han hit, sa Solveig Båtsvik (Frp).