Til denne tid har diskusjonen rundt fleire kommunale barnehageplassar i Indre Herøy avgrensa seg til eit spørsmål om utviding Myrvåg. Ny barnehage på Leikong har ikkje vore i bildet før foreldrerådstyret i Leikanger barnehage no kjem med eit slikt innspel.

Dårleg dekning

Det er per i dag ikkje barnehagedekning i Indre Herøy. Det er tilflytting til bygda, og slik vi ser det vil behovet vere minst like stort i framtida, heiter det i innspelet frå foreldrerådet ved barnehagen.

Innspelet kom så seint at det ikkje rakk å kome med i vurderinga av neste årsbudsjett.

Ikkje etter dagens standard

Foreldrådet viser til at Leikong blir opplevd som ein attraktiv plass å bu, med nyleg utbetra skule, fleirte tilbod av fritidsaktivitetar, butikk og kort veg til naturen. Store ressursar er brukte til å utbetre skulen og grendahuset, men no treng også barnehagen eit lyft for at bygda skal vere attraktiv for småbarnsfamiliar, heiter det i innspelet som foreldrerådet har fått fleire til å skrive under på.

Barnehagen har i dag 30 plassar. Dei tilsette har vist stor kreativitet og gjort maksimalt ut av lokala. Trass i det held ikkje lokala dagens standard for ein barnehage, og foreldrerådet viser til at verken kjøken, kontor, stellerom/toalett, lysforhold eller tilkomst er optimale i høve til bruken.

Det er ifylgje foreldrerådet ønskjeleg at barnehagen kan halde fram med å ligge nær skulen og ha delt uteområde, gymsal og parkeringsplassar slik som i dag.

Foreldrådet vil ikkje ha ein stor barnehage, men ein mellomstor som kan ivareta trygge rammer for barn, tilsette og foreldre i barnehagen.