– Vi gratulerer Jan Ove Hansen og Jonas K. Hansen som elitespelarar til sesongen 2019, seier leiar i HBK, Bjarne Pettersen.

HBO stilte med 12 deltakarar til sesongens siste turnering.

– Det var eit tøft nivå, med alle dei beste spelarane i landet samla i ei og same turnering.

Men HBK held fram med å imponere på filten og har, i tillegg til far og son Hansen, med seg Henrik H. Pettersen, som kvalifiserte seg i fjor, vidare til elite neste sesong.

Fleire markerte seg

– Spesielt Dag A. Gjerde og Jan Ove Hansen markerte seg bra og kjempa seg fram til delt 17.-plass, seier Pettersen.

Edvin E. Pettersen vann 2. divisjon og rykkjer opp til 1. divisjon. Det gjer også Vegard Notøy og Ali Mirzai.

– Det var flott at også Britt Sølvi H. Pettersen stilte opp i sitt første NM for damer. Det vart to strake tap og 9.-plass, men flott innsats i begge kampane.