Mellom anna gir eldrerådet si fulle støtte til i kampen for tryg- gare skuleveg for elevane i Sandvika. Eldrerådet er fullt samd i at det må tilbydast gratis skuleskyss for desse elevane fram til det er opparbeidd gangveg mellom Sandvika og Stokksund skule.

Eldrerådet er òg opptekne av trafikksituasjonen i Tjørvåg, og særleg på strekninga mellom Postvegen og Tuftene. Her ber eldrerådet kommunen om å gå i dialog med vegvesenet om å få redusert fartsgrensa til 60 km/t.

Eldrerådet viser til at folk som bur i området har vore vitne til mange vanvittige forbikøyringar. Feil svingdosering fører til at store vogntog blir pressa utfor vegbana som manglar vegskulder.

Edrerådet reknar med at både vegvesent og kommunen er klar over stoda.