Dei rytmiske strofene frå den velkjende Earth, Wind and Fire-låten «September» ljomar mellom veggane i musikkrommet på Ytre Herøy ungdomsskule.

– 2. februar kjem raskt, så vi fann ut at vi måtte ha ei øvingshelg, sjølv om det er tett oppunder jul, seier dirigent Unni Kvamme.

Og kanskje er det nettopp dette koristane treng for å stresse ned litt midt i førjulstida. Stemninga i øvingslokalet verkar iallfall avslappa, og latteren sit laust i pausen. Kanskje har det også noko å gjere med at songarane verkeleg elskar musikken.

– Vi likar desse låtane veldig godt – det er songar vi har hatt med oss heile livet. Det vert reine ønskekonserten, seier Kvamme.

På repertoaret står titlar som «You’re the Inspiration» (Chicago), «Africa» (Toto), «Fields of Gold» (Sing), og «I Wanna Dance With Somebody» (Whitney Huston).

– Vi startar med hippie-tida på slutten av 60-talet og starten av 70-talet, med medleyen «California Dreaming» med låtar av The Mamas and The Papas, Chuck Berry og The Turtles. Så går vi rett inn i funken, med Stevie Wonder og Earth, Wind and Fire, seier Kvamme.

Fullt band

Dirigenten har fått med seg Øyvind Granden Berg og Bjørn Holum som medinstruktørar, arrangørar og orkesteransvarlege. Ho gler seg dessutan til å vise fram alle dei dyktige solistane i koret.

Ikkje minst, har koret med seg fullt band og blåserekkje på scena! Mellom dei er Unni Kvamme og Bjørn Holum sin son, trompetist Vegard Kvamme Holum.

Du kan lære om musikken

Innimellom dei musikalske innslaga, kjem medlemer frå koret fram på scena for å fortelje litt om musikken og stilartane.

– I tillegg skal vi plukke ut nokre morosame historier om artistane som har laga songane, seier Kvamme.

Vann korcupen

Som Vestlandsnytt sine mest observante lesarar har fått med seg, vann Tolvtetten hovudprisen i Sunnmøre korcup i Ålesund, 4. november i år. Dei fekk også prisar for begge sine sjangrar: pop/musikal og Negro spirituals/gospel.

– Difor er vi veldig inspirerte for tida, smiler Kvamme.

Ho avviser elles at suksessen på korcupen – som er den første konkurransen det 37 år gamle koret har delteke i nokon sinne – har nokon samanheng med showkonserten i februar.

– Nei, den har vore planlagt i to år. Vi gler oss veldig!