Helgas bortekampar for Bergsøy starta i Orkangerhallen der dei møtte Orkanger 2. I fyrsteomgangen fungerte det rett og slett ikkje for bortelaget. Bergsøy hadde tre tidlege mål, men so stoppa det opp. Heldigvis hadde dei ei sterk Susanne Sandvik i mål, som skal ha mykje av æra for at det til pause stod 13–13. Keeperen hadde faktisk ein redningsprosent på 55 % i denne kampen.

– Dette var sesongens desidert dårlegaste fyrste omgang frå vår side, men alle ære til Sandvik, konkluderer trenar Siv Jensen etter kampen.

I andre omgang var damene meir opplagde og vann første kvarteret 10–2. Etter dette var sigeren så godt som sikra. Resultatet blei 29–20 til Bergsøy.

– Vi var ikkje heilt på i fyrste omgang. Eg trur vi kjende litt på at det var lang reisetid for å kome seg til kampen. Men etter 35 minutt løyste det seg for oss, og vi kom opp på det nivået vi vanlegvis spelar, seier Bergsøy-trenar Aukse Aglinskiene.

Målstatistikken for denne kampen enda slik: Othelie Vindfjell (4), Linda Espeseth (1), Lisa Sørdal (2), Eileen Jensen (4), Beate Myklebust (11), Vibeke Eide (2) og Aukse Aglinskiene (5)

Overraska over Rindal IL

Etter ein siger mot Orkanger 2 var det duka for ein nervepirrande kamp for Bergsøy-damene på søndag, då dei møtte Rindal IL til kamp. Bergsøy måtte bruke mykje krefter, men spelte bra i forsvar. Det gjorde dei også framover, trass i at Beate Myklebust fekk frimerke på seg heile kampen. Men både ein god heimekeeper og målstolpane stod i vegen for Bergsøy på fleire av sjansane som blei skapte. Det som gjorde det heile ekstra spennande var kor sterke motstandaren viste seg å vere.

– Eg er veldig overraska over kor sterke Rindal IL var. Dei spelte verkeleg bra. Eg vil faktisk karakterisere deira lagspel som betre enn Molde sitt lag, seier Aglinskiene.

Scora i siste liten

Midtvegs i andre omgang leia heimelaget med fire mål. Men heldigvis for Bergsøy-fansen klarte damene å mobilisere i sluttminutta. Akkurat i det sluttsignalet gjekk, sette Lisa Marie Vestnes Sørdal ballen i nettet. På hengande håret kunne Bergsøy kunne juble for eitt poeng.

– Heimelaget imponerte sterkt, men vi fekk etter kvart tak på spelet deira. Eg vil seie vi er godt rusta for å møte dei på heimebane. No kjenner vi laget, konkluderer Aukse, og legg til at ho ikkje ser dette som ein altfor stor strek i rekninga til Bergsøy. Ho har framleis god tru på Bergsøy sine sjansar for opprykk.

Målstatistikken mot Rindal blei til slutt slik for Bergsøy: Othelie Vindfjell (2), Linda Espeseth (1), Lisa Sørdal (4), Eileen Jensen (3), Beate Myklebust (6), Vilde Kvalsund (1), Mia Kvalsund (1) og Aukse Aglinskiene (4).

Bør klaffe mot Træff

Neste kamp for Bergsøy blir til helga, 16. desember. Då møter dei Træff i Herøyhallen. Dette er eit lag som ligg hakk i hel med Bergsøy på tabellen. Men Bergsøy sine sjansar er gode, spesielt med tanke på at Træff nyleg tapte mot Orkanger 2.