For om lag ein månad sidan skreiv Vestlandsnytt om fleire sløkte veglys i Herøy og Sande, etter reaksjonar frå publikum. Brua til Nautøya og strekninga mellom Frøystad og Stoksund var særleg nemnt. Vi var då i kontakt med BKK Entotek, og dei lova utbetring.

– Eg vil forsikre om at vi er klar over problema og at vi jobbar med å få reparert alle lys som ikkje fungerer, sa divisjonssjef BKK Entotek AS, Geir Noss.

Vanleg rettetid for veglys kan variere frå ein dag og opp til fire veker, blei det opplyst.

Framleis problem

No, ein månad etter, er det framleis mørkt fleire stader. I skrivande stund er det til dømes mørkt i veglysa på brua til Nautøya. Vi har difor retta nye spørsmål til dei ansvarlege om problemet.

Fyrst spør vi om det er fleire feilmeldingar i år enn tidlegare.

– Vi opplever ikkje at det er fleire feil i år enn tidlegare på same tid, men vi er no i perioden med flest feilmeldingar, forklarar Noss.

Vidare held han fram med å forklare nokre av dei problema dei har.

– Nokre av feila vil av naturlege årsaker ta lengre tid å utbetre. Det kan vere feil på komponentar med bestillingstid, eller det trengst gravearbeid. Vi har kome over ein del led-armaturar der det har vore vassinntrenging. Her må vi varsle leverandør om mogleg garantisak og vente på ei erstatning. Dette er ikkje armaturar som vi har valt, men vi har montert for våre kundar. Vi sit difor ikkje med desse på eige lager, seier divisjonssjefen.

Når det gjeld Nautøya og brua der, svarar Noss at arbeidet her ikkje har gått så raskt som forventa. Her skal arbeidet etter planen utførast denne veka.

– Har nødvendig bemanna

Etter deira forklaring på kvifor noko av arbeidet tek ekstra med tid, spør vi selskapet om det er sett av tilstrekkeleg med mannskap og ressursar til å handtere vedlikehald av det lokale nettet her ute. Det er førebels fire bilar på Søre Sunnmøre som arbeider med reparasjon av veglys.

– Vi har nødvendig bemanning og fleksibilitet for å ta unna dei feil som oppstår innanfor avtalte fristar. Vi har de siste vekene også hatt ein ekstra bil i drift på Møre, svarar dei.

Prioriterer farlege område fyrst

Til slutt nyttar BKK Entotek høvet til å be publikum om å melde feil i feilmeldingskartet på BKK sine heimesider.

– Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre utbetringstida, og prioriterer dei farlege områda.