Herøy kvileheim, eller «Gul avdeling» som namnet har vore dei seinare åra, vart oppført på 50-talet som erstatning for trebygninga som til då hadde hatt same funksjonen.

Bygninga har stått tom sidan Eggesbøtun omsorgsbustader blei bygde for nokre år sidan.

Ifylgje eigedomsleiar Robert Myklebust har kommunen per i dag ikkje andre planar for tomta enn at den skal planerast og nyttast til parkering.

Kommunen har sett av ein million kroner til riving og miljøsanering av den gamle murbygninga. Området skal etter planen vere ferdig planert til nyttår.