- Etter at Sjøbris og Teigenes skilde lag tidlegare i år har det lege i korta at vi ynskjer ei utviding på fiskerisida. Og, nei, det er vel ikkje så ofte Herøy har fått tilført ringnotkvotar dei seinare åra, seier Sigurd Teige etter handelen vart offentleggjort fredag.

Haugagut, som får namnet «Leikvin», blir registert i Herøy og får «Fosnavåg» i hekken.

Det opplyser Sigurd Teige i ein kommentar til oppkjøpet som må reknast som ein av dei mest spennande nyheitene på fiskerifronten i Herøy den seinare tida.

Sigurd Teige slår fast at eksisterande mannskap på nye «Leikvin» blir som i dag, og at båten vil verte drifta frå Austevoll.

- Samtundes er det klart at det vil gje ein effektiviseringsgevinst for båtane at vi har ei felles administrativ leiing, gjennom Kaston-selskapa, seier Teige i ein kommentar.

Med det han veit i dag, er det ikkje behov for meir mannskap på dei to ringnotfartøya med det første.

Det er gjennom reiarlaget Teigebris AS og investeringsselskapet Sansibar AS at Sigurd Teige har inngått avtale med Drønen Havfiske om overtaking av Haugagut As.

Namn med historisk sus

MS «Haugagut» skal formelt overtakast 18. desember, og skiftar då namn til MS «Leikvin». Dette namnet har historisk sus lokalt, og har tidlegare vore i bruk i Teige-reiarlaget. Ringnotsnurparen Haugagut er eitt av dei nyeste fartøya i den norske fiskeflåten, og vart overlevert frå Karstensen Skipsverft til Drønen Havfiske i 2015. Fartøyet har ei lengde på 69,95 og ei breidde på 15,00 meter, samt ein RSW-kapasitet på 2075 kubikkmeter.

Drønen Havfiske AS opplyser i ei pressemelding at salet har vore planlagt sidan i sommar. Det har vore betydeleg interesse for kjøp av fartøy med kvotar.  Salet vert frå Drønen Havfiske forklara med eit komande generasjonsskifte i reiarlaget.

Selskapet seier seg godt fornøgde med at fartøyet har fått ein ny eigar som legg opp til å drive båten vidare ut fra Austevoll, og utan at arbeidsplassar går tapt.

Sigurd Teige ønskjer ikkje å opplyse kva prisen for Haugagut, med kvotar, enda på.

Etter det Vestlandsnytt har grunn til å tru, kan det dreie seg om ein sum i storleiksorden 700-800 millionar kroner.

Gunnar Sævik: - Gledeleg!

Gunnar Sævik i Skipsregnskap AS utbryt «det var kjekt» når vi ringer og informerer om nyheita og ber om ein kommentar.

- Det er gledeleg fordi det styrkjer og stabiliserer Herøy som sin posisjon som fiskerikommune. Med dette oppkjøpet er Herøy framleis, og med god margin, landets nest største fiskerikommune etter Austevoll, seier Sævik.

Sævik, med inngåande kjennskap til norsk og lokal fiskerinæring, legg til at det også litt ekstra fint å registrere at det kan gå ringnotkvoter frå Austevoll til Herøy. Det har nemleg gått ein del ringnotkvotar andre vegen opp gjennom åra.

Sævik skriv dessutan under på at Teige & co har skaffa seg ein av dei beste båtane som er å finne. «Leikvin» blir den femte Karstensen-ringnotbåten i Herøy.