Rolf Hjertenæs var sløydlæraren min både i folkeskulen, framhaldsskulen og realskulen. Seinare var vi i mange år kollegaer på Ytre Herøy ungdomsskule. Eg vart godt kjend med han, og det var alltid interessant å høyre han fortelje om det han framgjennom åra hadde opplevd som lærar i Herøy. Hjertenæs, som han oftast vart kalla, kom hit i 1949. Då var han 24 år gammal. Han skulle eigentleg berre vere her som vikarlærar i eitt år. Men her vart han verande livet ut. Rolf Hjertenæs avslutta lærargjerninga si i 1991 då han vart pensjonist.

I mange år var han ambulerande sløydlærar i folke- og framhaldsskulen i Herøy. Han flytta frå krins til krins med verktøykister og anna utstyr. Det kunne vere limpresse, finerpresse, sager, material, hengsler, lås, skruar, måling, lakk og møbelstoff – og i tillegg nokre høvlebenkar. Handarbeidslærarinna, som han oftast reiste saman med, hadde med seg symaskiner og anna utstyr.

Dei fyrste åra budde Hjertenæs på hybel i Fosnavåg, men innimellom måtte han innlosjerast i den krinsen han hadde sløydundervisninga. Det varte vanlegvis i fjorten dagar. Så var det å flytte til ein annan krins. På den måten vart han godt kjend med både elevar og foreldre i dei ulike bygdene i kommunen. I den tida var det berre gutane som hadde sløyd. Jentene hadde handarbeid, eller handgjerning som det også vart kalla.

I den fyrste tida han budde på hybel i Fosnavåg, var det enno ikkje kome elektrisk kraft. Her fekk somme straum til lys frå eit aggregat som Voldnes-firmaet eigde. – Ein gong eg var på Remøya og hadde sløydundervisning, skulle elevane lage kaffibrett, og det greidde dei med glans. Men dei hadde så lyst til å dekorere bretta sine med svi-penn. Men til det trongst straum. Det hadde vi ikkje tilgang til på Remøya. Då var det ikkje anna å gjere enn å ta med elevane, etter skuletid, til hybelen min i Stassabakken, slik at dei fekk dekorere bretta sine. Det var ei stor oppleving for dei å få bruke svi-penn, fortalde Rolf Hjertenæs. Kåre K. Remøy (81) var ein av remøyelevane som då fekk bruke svi-penn for fyrste gong. – Det var skikkeleg kjekt, og ikkje nok med det: Hjertenæs gjekk opp til bakar Elias Røren og kjøpte wienerbrød og brus til oss. Det sette vi sjølvsagt stor pris på, fortel Kåre – og legg til at han har teke godt vare på kaffibrettet. Det var vanleg at elevane i dei ulike bygdene møtte opp og tok imot Hjertenæs når han kom for å ha sløydundervisning. Han måtte ha hjelp til å få alt utstyret på land og frakte det til skulen. På Kvalsund brukte elevane å stå klar med traktor på kaia. På Remøya kunne det vere litt meir «avansert». Ein gong Hjertenæs kom dit ut, fekk han vere med på ein køyretur han aldri gløymde. På «Sigurd-kaia» møtte ein av elevane hans opp med lastebil for å køyre Hjertenæs og utstyr til skulen. Gutungen brukte sveiv då han starta bilen. Den elegante måten han gjorde det på, viste tydeleg at dette hadde han gjort før. Deretter sette den unge sjåføren seg roleg bak rattet, med Hjertenæs som passasjer. Då karen etter litt strev klarte å strekkje foten så langt ned at han nådde gasspedalen, ja, då var det «klampen i bånn» frå fyrste sekund. Gutungen køyrde på ein smal molo utan kant, og med sjø på begge sider. Sløydlærar Hjertenæs var ikkje særleg høg i hatten, for han hadde ei kjensle av at det meste av bilhjula av og til var utanfor kanten. Men han kunne ikkje anna gjere enn å late att auga og håpe på det beste. Snart svinga den unge sjåføren lastebilen inn på skuleplassen og parkerte. Der stod bilen til skuledagen var over. Guten fann då fram startsveiva – og så var alt klart for ein ny køyretur. Men denne gongen nekta sløydlæraren å vere med. – Det hadde eg ikkje nervar til, fortalde Hjertenæs seinare.

– Eg hugsar spesielt godt elevane på Leikong, for alle var så interesserte i sløyd. Ofte spurde dei meg: «Skal du ikkje inn på skulen i kveld? Kan vi få gå dit og ha sløyd saman med deg?». Også i dei andre bygdene viste gutane stor interesse, og disiplinproblem fanst ikkje. Sløyd var ei fin avveksling frå den teoretiske undervisninga. Ei oppgåve som var svært populær på alle skulane, var å byggje ei lita hytte. Ein av dei som hadde valt denne oppgåva, omkom om hausten same året som han hadde bygt hytta. Guten var med far sin på sjø då ulukka skjedde. Rolf Hjertenæs fortalde at då han seinare trefte på far hans, sa han: «Eg har eit kjært minne etter guten min. Det er hytta han laga på sløyden». – Det seier seg sjølv at eg kjem aldri til å gløyme desse orda, fortalde Rolf Hjertenæs.