Anders Riise Foto: Høgre

Frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er det i dag berre Anders Riise som er inne på sikker plass. Hareid-ordføraren, som er nominert på topp, er også Høgre sin kandidat til å bli ny fylkesordførar etter Jon Aasen (Ap).

Etter haustens nominasjonsrundar i dei politiske partia er det klart at stoda ser temmeleg dyster ut for Søre Sunnmøre som region når det gjeld sjansane for å få med kandidatar i den komande fylkestingsperioden, 2019–2023.

Heile Søre Sunnmøre, med rundt 50.000 innbyggjarar, kan bli sitjande med éin representasjon på alt mellom ein til tre medlemer i eit fylkesting som tel 47 representantar. Det inneber at seks kommunar på Søre kan bli utan eigne talspersonar i fylkeskommunen sitt øvste organ.

Har moglegheiter

På listene finn vi dessutan Oskar Grimstad (nummer ni) og Karl Oskar Sævik (nummer ti) på Framstegspartiet si nominasjonsliste. I beste fall kan ein eller begge desse få fast plass i fylkestinget, basert på dagens representasjon og målingane som er gjorde til no.

Hanne Notøy (Ap) frå Ulstein har ei god moglegheit med sin 11.-plass på lista. Vanylvsordførar Lena Landsverk Sande, står på fjerdeplass på Venstre si liste, og her verkar plassen førebels vanskeleg oppnåeleg.

Uavhengig svale?

Ei moglegheit lokalt er at Bjarne Kvalsvik (Uavhengig valliste for Sunnmøre) kjem inn att i fylkestinget. Men også her er det usikkerheit, både om lista maktar å stille igjen, og i neste omgang om kvalsvikaren kaprar ein plass på nytt.

– Noko av grunnen til at vi mobiliserte framfor førre val, var nettopp at vårt distrikt kunne bli underrepresentert, seier Kvalsvik i ein kommentar.

Til saka er det elles verd å merke seg at vår region har ein sterk fylkespolitisk posisjon gjennom fylkesordførar Jon Aasen (Ap, Vanylven), og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V, Hareid). Dei to stiller ikkje til val igjen, til liks med volding og KrF-ar Arild Iversen.

Heller ikkje Dag Vaagen (H) og Jan Helgøy (KrF) ser ut til å ha sjanse. Tine Storøy (H) er ny ordførarkandidat i Herøy og er ikkje inne på fylkestingslista denne gongen.

Søre Sunnmøre har i inneverande periode seks faste medlemer av fylkestinget, samt nokre på varaplass.