– Herøy vidaregåande skule er ein viktig skule for oss. Difor satsar vi på å få utlyst den ledige stillinga så snart råd er.

Det seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken, som ikkje har fleire kommentarar å gi til oppseiinga som har kome overraskande på dei fleste.

– Vi kan ikkje kommentere personalsaker, seier Brekken, men viser til ei kort melding som står å lese på skulen si heimeside.

Kjellstadli sjølv har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Brekken opplyser at Esther Sørdal Klungre, som er rektor ved skulen si avdeling i Vanylven, frå 1. desember er konstituert i den ledige stillinga fram til ny rektor er tilsett.